Årdal: Vinden var kraftig i går kveld og natt, utan at det fekk dei heilt store direkte konsekvensane i Sogn. Verre var det med regnet, lustringane vakna i morgontimane til fleire stengde vegar.
Fylkesveg 332 i Fortundalen er stengt på grunn av fleire små stein- og jordras, medan eit stort steinras stenger fylkesveg 331 ved Skjolden.
– Vegen mellom Skjolden og Urnes er det lite sannsynleg blir opna i dag. Fortunsdalen vil bli opna rundt klokka tolv, seier Kjetil Molvær ved vegtrafikksentralen i Statens vegvesen.
– Har byrja å roe seg
Ellers fortel han at fylkesveg 55 ved Turtagrø nettopp har blitt opna. Der hadde eit tak floge av ei hytte og landa i vegbana.
Òg på fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrand måtte det oppryningsarbeid til før vegen kunne opnast att.
Vêret ser ut til å avta dei fleste plassar.
– Det har byrja å roe seg no, seier Molvær.
Trefall gjekk ut over veglys
I Årdal førte vinden til velta tre fleire stader i natt.
– Det har dotte ned nokre tre på nokre linjer, men det har gått mest ut over veglysa. Det er ikkje nokon kundar utan straum hjå oss, seier Jørgen Luggenes i Årdal Energi.
Han seier trefall har skapt krøll i Ålmenhagen i Øvre og langs ein gangveg på Tangen, som dei no jobbar med å få retta opp. Heldigvis ser det ut til at den verste vinden no har roa seg, òg i Årdal.
– Det er meldt rundt 2-3 meter i sekundet, så eg reknar med at dei store problema ikkje kjem til oss denne gongen, seier Luggenes.
Slik er status på fylkesvegane
Fylkesveg 55 Sognefjellet: Fri ferdsle.
Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrond: Fri ferdsle etter oppryddingsarbeid.
Fylkesveg 331 Urnes - Skjolden: Stengt på grunn av stein- og jordras ved Skjolen.
Fylkesveg 332 Fortundalen: Fri ferdsle.