RIKTIG: Harald Nyland,  2. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre og Vebjørn Leite Olsen, fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre meiner vindkraft er riktig vei å gå.
RIKTIG: Harald Nyland, 2. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre og Vebjørn Leite Olsen, fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre meiner vindkraft er riktig vei å gå. (Foto: Unge Høgre)

MEININGAR

– Vindkraft er avgjerande for å nå klimamåla

– Folk er meir og meir opptatt av grønn energi, men når ein skal først bygge fornybar energi er folk imot, skriv forfattarane av meiningsinnlegget.

Vestland: Folk er meir og meir opptatt av grønn energi, men når ein skal først bygge fornybar energi er folk imot.

Nordmenn har alltid likt å snakke om vêr og vind som vil påverke våre aktivitetar. Her i Noreg ligg det godt til rette for å kunne satse på fornybar energi, vår geografiske plassering gjer at vi har mykje vêr som kan utnyttast for å kunne satse på grøne energikjelder. Vasskraft, som er utnytta over fleire generasjonar, er den som er mest kjend.

Det viktigaste vi kan gjere for å nå klimamåla, er å få ned klimagassutsleppa og elektrifisere samfunnet på sikt. Då må vi satse på grøne energikjelder, som også inkluderer vindkraft.

– Har byrja å sjå på andre alternativ

I dei siste åra har vi oppdatert vårt linjenett og vi har bygd overføringslinjer til våre naboland. Desse linjene gjer at vi kan eksportere kraft når vi har overskot og importere når vi har behov for det. Dette medfører at vi kan byggje kraftkrevjande energi andre plassar enn der krafta vert produsert.

I tillegg har vi òg byrja å sjå på andre alternativ av produksjon av grøn energi. Til dømes vindkraft, bølgjekraft og utnytting av solenergien ved hjelp av solcellepanel.

Skal ein lykkast med fornybar energi, er det avgjerande med gode støtteordningar for testing og pilotisering av ny og god miljøteknologi. Produksjon av kraft har alltid skapt eit engasjement hos folk. Både utbygging av vasskraft og no vindkraft. Her på Vestlandet har debatten pågått i mange år, og no gjeld den utbygging av vindkraft.

– Det er viktig med oppdaterte kunnskapar

Under valet har debatten splitta og engasjerte store delar av befolkninga, der også fleire har deltatt i demonstrasjonar. Det er velkjende argument som vert brukt. Dei som er for, argumenterer med at vindkraft skapar verdiar, fleire grøne arbeidsplassar og vil hjelpe oss inn mot lågutsleppssamfunnet.

Dei som er mot utbygging av vindkraft meiner at det vil påføre dyrelivet, friluftsliv og folk store ulemper i form av rasering av område rundt anlegga. Friluftsliv står sterkt i norske hjarte, der vi er vane med å kunne ferdast i naturen utan forstyrrande element. Som politikar må vi balansere desse omsyna, noko som ikkje alltid er like lett.

Solberg-regjeringa ynskjer å legge til rette for at vindkraftutbygginga skal vere lønsamt, men også ta vare på viktige samfunnsinteresser som til dømes friluftsliv og dyreliv. For å få det til, er det viktig med oppdaterte kunnskapar som dekker notidas miljøbilete. Ikkje minst kunnskap om dei områda som er mest egna til utbygging av vindkraft. Difor fekk NVE eit oppdrag der dei skulle samle kunnskap om verknadane av vindkraft. Denne er no skrinlagt av regjeringa.

– ACER var eit steg i riktig retning

Ved å sette vindkraftprosjekta på vent, har regjeringa satt bremsene på for å omstille samfunnet til fornybart. Vindkraft kan vere starten for eit grønt energieventyr, der vi kan eksportere overskotet til andre land som treng fornybar energi, slik at dei kan legge kolet sitt på hylla og ta i bruk rein energi.

Noreg kan ikkje løyse dette problemet aleine, og vi er avhengige av at også andre land kutta ut skitten energi. ACER var difor eit steg i riktig retning for å knytte kraftmarknaden saman.

Vindkraft på havet

Stadig fleire har også peikt mot at vindkraft bør byggast ut i havet. Vindmøller til havs har hatt ei lovandande utvikling dei siste åra, der også kostnadane har minka. Noko som medfører at regjeringa arbeider med å opne fleire områder til vindkraftanlegg som er stasjonert til havs.

Det er viktig å merke seg at kostnadensforskjellen knytta til landbasert vindkraft og vindkraft til havs framleis er betydeleg. I tillegg møter vindkraft til havs omtrent dei same problemstillingane som landbasert vindkraft, berre at dei er «ute av syne, ute av sinn».

Det er også viktig at vi tar diskusjonen no, sidan vindkraft nærmar seg tilsvarande kostnadar med vasskraft. Skal vi satse på den eine eller den andre når det kjem til fornybar energi?

Eit anna moment er det at vi har mest vind på den årstida då vi treng mest straum, som er nettopp vinteren. Då kan vindkraft vere eit godt supplement til vasskraft som på den årstida ikkje kan nyttast fullt ut.

Til toppen