GUDVANGATUNNELEN: Ein politipatrulje er på leit etter sjåføren som køyrde i retning Voss.
GUDVANGATUNNELEN: Ein politipatrulje er på leit etter sjåføren som køyrde i retning Voss.

Steinar ramla ned etter vogntog støtte oppi taket i tunnelen

Gudvangatunnelen vart opna for fri ferdsel like før klokka 06:30 tysdag morgon.

Klokka 05:10 var politiet varsla om eit vogntog som hadde støtt oppi taket på E16 Gudvangatunnelen.

Det var personen som køyrde bak vogntoget i ei kolonne som varsla om hendinga.

– Meldaren meinte at han hadde køyrd så langt ut til sida at han hadde teke oppi tunneltaket, så det datt ned nokon steinar, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rednord.

Han legg til at det var ikkje sikkert føraren merka at han støtte oppi taket, og difor køyrde vidare.

Ein politipatrulje er no på leit etter føraren som køyrde i retning Voss.

Forsinka opningstid

Det er arbeid i tunnelen på nattetid, og etter planen skulle den eigentleg bli opna tidleg i morgontimane.

– Entreprenørar er no på staden og skal gjere ein vurdering. Dei må i alle fall rydde det som har falle ned, sa operasjonsleiaren til Porten like etter klokka 06:00.

Klokka 06:24 melder Statens vegvesen at tunnelen er opna for fri ferdsel.

Til toppen