NOMINERT: Vinjerock kan bli kåra til årets festival for 2016, noko festivalsjef Julie Forchhammer tykkjer er svært stas. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
NOMINERT: Vinjerock kan bli kåra til årets festival for 2016, noko festivalsjef Julie Forchhammer tykkjer er svært stas. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Vinjerock kan få gjev utmerking​

Den spesielle festivalen er nemleg nominert til årets festival i 2016. 

Eidsbugarden: Det er Norske Konsertarrangører som har delt ut ein slik pris sidan 2001. I år er Vinjerock ein av finalistane til å få den gjeve utmerkinga.

– Dette er ikkje noko me tar som ein sjølvfølgje. Det er veldig stas, seier festivalsjef Julie Forchhammer til Porten.no.

– Det er jo utruleg mange musikkfestivalar i Noreg no, så det å bli plukka ut som ein av fem festivalar fagjuryen meiner fortener prisen, viser at me er på rett veg.

Tydeleg profil på festivalen

I fagjuryen sit ikkje kven som helst. Her er ei fin blanding av bransjefolk, kritikar og artistar som Sondre Justad og Silje Halstensen i Bendik. No er det opp til dei andre festivalane å røyste på kven dei meiner fortener prisen, som vert delt ut under by:Larm i Oslo 3. mars.

Vinjerock har fått eit svært godt rykte på seg, noko billettsalet har synt i fleire år no, der folk sit klare for å rive til seg ein plass i Jotunheimen. I år vart festivalen bokstaveleg tala utseld på to sekundar.

– Me prøver å vere meir enn musikk. Me jobbar med lokalmat, miljøprosjekt og prøver å ha masse kvinner på scena. I tillegg prioriterer me unge og norske artistar, seier Forchhammer.

Solid program allereie

Mange artistar er allereie annonsert. Kråkesølv, Moddi, Gabrielle, Hjerteslag, Daniel Kvammen og Dagny er berre nokre få av totalt 17 artistar som er sleppt allereie. Utover våren vil det kome fleire namn.

– Programmet er typisk Vinjerock med utgangspunkt i at det er unge, norske artistar, men også ulike sjangrar med erfarne Sivert Høyem til 19 år gamle Sigrid Raabe. Me vil gjerne vere blant dei første til å presentere norsk musikk.

Oppi all musikken skal ein heller ikkje gløyme aktivitetane. Førebels er ikkje desse klare enno, men Vinjerock er kjend for å tilby mange aktivitetar til festivaldeltakarane sine i fjellheimen.

Til toppen