DOBBEL LUKKE: Vinjerock toppa feiringa av tiårsjubileumet med å gå av med sigeren i kåringa av årets festival. Foto: Arkiv/Vinjerock.
DOBBEL LUKKE: Vinjerock toppa feiringa av tiårsjubileumet med å gå av med sigeren i kåringa av årets festival. Foto: Arkiv/Vinjerock.

Vinjerock kåra til Norges beste festival i 2016

Tiårsjubileumet til Vinjerock vart i dag krona med gjev bransjepris.

Eidsbugarden/Oslo: – Dette er eit resultat av den utrulege støtta me får frå lokalmiljøet, og alle våre samarbeidspartnarar, seier festivalsjef Julie Forchhammer i ei pressemelding.

Prisen vart delt ut fredag kveld på Parkteateret scene i Oslo. Der delte Norske Konsertarrangører ut prisar i kategoriane Årets nykommar, årets konsertbilde, årets plakat, årets heilårsarrangør og årets festival.

Les også: Difor er dei spektakulære rammene òg ei utfordring
Les også: Tiårsjubileum for Vinjerock

Og i den gjevaste kategorien var det Vinjerock som gjekk sigrande ut, i konkurranse med Miniøya, Oslo World Music Festival, Parkenfestivalen og Slottsfjell.

– At me vinn prisen blant so mange fantastiske arrangement, er utruleg stas. Kvar og ein av dei nominerte hadde fortent denne prisen. Ekstra kjekt er det at me vinn for jubileumsfestivalen vår, seier Forchammer i pressemeldinga.

På scena for å ta i mot prisen var ein del av Vinjestaben, med områdesjef Boye Skøre i spissen.

– Dei mange tusen frivillige som gjer Vinjerock til kva det er burde stått her no og motteke denne hyllinga og annerkjenninga frå arrangør-kollegaer. Me har fortsatt ikkje laga vår beste festival. Dette motiverer oss til vidare arbeid, sa Skøre i takketalen.

Til toppen