På Vinjerock og Fjellfilmfestivalen kan deltakarane i år få hjelp til å fiksa småreperasjonar på friluftskleda sine.
På Vinjerock og Fjellfilmfestivalen kan deltakarane i år få hjelp til å fiksa småreperasjonar på friluftskleda sine. (Bilde: Kari Nygard Tvilde)

Vinjerock med strikkemønster og redesign

Vinjerock som går føre seg på Eidsbugarden i Jotunheimen 20–23. juli byr på meir enn musikk. I tillegg til ei rekkje kurs og frilufts-aktivitetar, kan festivalen i år også skilta med eigne strikkeoppskrifter. Du kan òg læra å fiksa turutstyret ditt.

Festivalen fortel på eigne nettsider at dei i fjor hadde stor suksess med strikkekurs med øl-vott. No inviterer festivalleiinga deltakarane til å strikka sine eigne Vinjerock-sokkar for å vera godt budde til festivalen 1.060 meter over havet uansett korleis vêret skulle bli.

På nettsidene til festivalen er det lagt ut både strikkemønster og forklaring på korleis du skal gå fram. Du kan også lasta ned strikkemønstera frå i fjor på ei eiga Vinjerock-lue og panneband.

Fiksing av tøy

Om du skulle vera så uheldig å få eit hol eller ei rift i friluftskleda dine, kan du også få hjelp til å reparera dei. DNT. ung stiller nemleg ikkje berre med turinformasjon, turleiarar og konkurransar. Saman med Bergans tilbyr dei i år eksperthjelp til korleis du sjølv kan gjera småreparasjonar på turtøy.

– Me ynskjer at turutstyr skal ha lengst mogleg levetid. Du kan kjøpa brukt, og viktigaste av alt er du alltid bør fiksa utstyret om du har fått ei rift eller liknande. Med fiksing på Vinjerock håpar me fleire blir inspirerte til å vera meir miljøvennlege, seier leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten, i ein omtale på nettsidene til foreininga.

Ho oppmodar festivaldeltakarane til å ta med friluftsutstyr dei vil reparera, og legg til at det også er mogleg å prøva seg på redesign for dei som ønskjer det.

I tillegg til å rettleia og inspirera deltakarane på Vinjerock, vil DNT.ung og Bergans også vera til stades under Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim 8.–10. september.

(©NPK)

Til toppen