NPK-NTB: Billettane til den eksklusive høgfjellsfestivalen gjekk ut på berre nokre få sekund, i år som i fjor.
– Det at me ikkje sel fleire ordinære billettar, heng saman med området me nyttar. Det største ansvaret vårt er å laga ein berekraftig festival som ikkje øydelegg naturen oppe på Eidsbugarden og difor må me avgrensa talet billettar, seier festivalsjef Julie Forchhammer i ei pressemelding.
Den 19.-22. juli står mellom andre Fieh, Silvana Imam, The Dogs, Fay Wildhagen, Sløtface og BigBang på plakaten i fjellheimen.