FÅR FLYTTA: Kommunestyret i Årdal seier ja til at Vinmonopolet får flytta inn på Årdalsenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FÅR FLYTTA: Kommunestyret i Årdal seier ja til at Vinmonopolet får flytta inn på Årdalsenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Vinmonopolet får flytta til Årdalsenteret

Kommunestyret godkjente flyttinga til Vinmonopolet.

Årdal: Vinmonopolet har fått grønt lys av kommunestyret i Årdal til å ta den korte turen over vegen til Årdalsenteret. Eit samrøystes kommunestyre sa ja til det torsdag.

Heilt tilbake i haust blei det gjort kjend at Polet ønskte å flytta, men lenge har det vore uvisst kor dei ville inn. Mot slutten av februar kom det omsider fram at det tomme lokalet på Årdalsenteret stod på ønskelista.

– Når kommunestyret handsamar saka, ligg alt til rette for at me får flytta butikken i løpet av våren, og me reknar med den nye butikken opnar i juni, sa pressekontakt Jens Nordahl til Porten.no då.

No er saka handsama, så dermed ligg alt til rette for flytting. Årsaka til flyttinga er ifølgje Vinmonopolet fordi noverande lokale ikkje er oppdaterte med omsyn til tida ein er i.

Ifølgje søknaden lokalet på Årdalsenteret godt eigna til varelevering, publikumstilkomst, parkeringsforhold og arbeidsforhold til dei tilsette.

Lensmannen og sosialtenesta kom med inn spel til saka. Medan lensmannen hadde ingen merknader, meiner sosialtenesta at å ha Polet på handelssenteret kan gi auka tilgang på alkohol og dermed bruk av alkohol. 

Til toppen