PÅSKEDRIKKE: Om ein vil ha drikke med prosentar i hus mot slutten av påska, treng ein ikkje planlegga innkjøpet fullt så nøye som før ettersom Vinmonomopolet for første gong held ope Påskeafta. Illustrasjonsfoto

Vinmonopolet held ope på påskeaftan for første gong

Vinmonopolet skal for første gong halde opent på påskeaftan.

I 2014 fekk den blåblå regjeringa fleirtal i Stortinget for å halde Vinmonopolet ope på valdagar og «aftnane», som til dømes påskeaftan. Men fram til nyttårsaftan i fjor har nordmenn møtt stengde dører kvar høgtidsaftan sidan lovforslaget blei vedteke. Årsaka er at aftnane var definerte som fridagar i tariffavtalen for dei tilsette i Vinmonopolet, skriv NRK.

– Det er ingen signal i organisasjonen som tyder på at det vil bli problem med å halde butikkane opne på påskeaftan. Dette er òg erfaringa frå opninga på nyttårsaftan 2016, seier Helge Storvik i Funksjonærklubben (FKV) til NRK.

Til toppen