TOPPEN: Joel Dyrshovden når toppen av Molden.
TOPPEN: Joel Dyrshovden når toppen av Molden. (Foto: Hans Næss )

Vinnaren av Molden Opp trivest i Lustrafjella: – Eit av dei finaste løpa

Andre løp i Lustratrippelen, Molden Opp, blei eit suksessfullt og varmt løp.

Gaupne: Det var ganske jamt opp bakkane til toppen av Molden, 1116 m.o.h, under laurdagen sitt motbakkeløp, men det var Joel Dyrhovden frå Samnanger, som til slutt kom fyrst over målstreken på tida 50:24.

Fire sekund etterpå var Per-Christian Torgersrud frå Lillehammer i mål, før lustringen Geir Steig, som vann Lustraløpet helga før, kryssa målstreken.

SPREKE: Geir Steig og Joel Dyrhovden tok i mot premiane på scena ved Rådhusplassen. Foto: Linda Watten

Tungt løp

– Det var veldig tungt i dag, og eg var så sleten på slutten, seier Dyrhovden etter at han har motteke gåvesjekken på 6.000 kroner på rådhusscena i Gaupne etter løpet. 

Han fortel at han låg som nummer to heile vegen, men rett før mål sette han inn støytet. 

– Eg tok sluttspurten når det var nokre meter igjen, og etter målstreken var kryssa heiv eg meg på bakken og vrei meg i smerte ei stund, vedgår vinnaren. 

Han køyrde frå Samnanger klokka 05:30 på morgonen, før det bar rett til toppen av Molden i ein varme langt over 20 gradet. 

– Molden Opp er eit av dei finaste løpa eg kjenner til, både med tanke på løypa, arrangementet og ikkje minst utsikten frå toppen.

Og etter at han hadde seieren trygt i havn, kunne han nyte akkurat denne utsikta frå toppen saman med kjærasten sin. 

– Eg likar godt fjella her i Sogn, og skal springe Fanaraaken Opp i august òg, seier han. 

Spreke kvinner 

Molden Opp blei arrangert for 10. gong dette året, og det var ordførar Ivar Kvalen som delte ut sjekkane til dei tre vinnarane i herre- og kvinneklassen.

– Molden Opp er eit arrangement som eg trur vil halda på i mange år framover. Det er slik ein flott topp, sa ordføraren. 

MÅL: May Britt Buer i mål. Foto: Hildegunn Øygard Hansen

Sjølv om mennene var raske opp Molden, låg ikkje kvinnene langt bak. 

Fyrst i mål av dei var May Britt Buer på tida 1:02:10. 

Hakk i hæl kom Ingunn Hove på 1:07:18, før Anna Hanstveit var over streken på 1:08:32.

Resultatliste Molden Opp 2019:

D 15-17
1. Anna Hanstveit, Mjøsdalen IL, 1:08:32,

2. Emma Hanstveit, Mjøsdalen IL, 1:10:30,

3. Selina Asperheim Barsnes, IL Jotun, 1:18:43,

4. Oda Sønnesyn, IL Bjørn, 1:34:12,

D 23-34
1. Åse Støfring, Jølster IL, 1:18:08,

2. Bertine Thorsnes Lefdal, IL Bjørn/Sportsbui, 1:24:46,

3. Frida Karoline Sando, NOTEAM, 1:27:50,

4. Hanna Stenevik, NOTEAM, 1:29:28,

5. Karen Richardsen Moberg, Tastaturlaget, 1:34:36,

6. Janni Røssevold, NOTEAM, 1:37:41,

D 35-39
1. Ingunn Hove, Førde IL, 1:07:18,

2. Merete Helgheim, Førde IL, 1:09:33,

3. Tina Løkke Vie, Gloppen Friidrettslag, 1:12:14,

4. Anne Bekkhus, Vik Il, 1:13:39,

D 40-44
1. May Britt Buer, Team La Sportiva, 1:02:10,

2. Gunvor Refsdal, Vik Il, 1:15:59,

3. Inger Moe, NOTEAM, 1:21:41,

4. Kjersti Øyen Gjennestad, Bønes IL, 1:23:56,

5. Ellen Terese Harbakk, Vik Il, 1:26:32, 

D 45-49
1. Ann-Kristin Midtun, Sprekis, 1:13:17,

2. Hilde Asperheim, Sogn CK, 1:25:40,

D 50-54
1. Hanne Liland, Varegg/Fjellgeitene, 1:20:59,

D 60-64
1. Norunn Stavø, Florø Tif, 1:20:29,

M 15-17
1. Håvard Klakegg, Jølster IL, 1:00:24,

2. Martin Skjerdal, Balestrand IL, 1:05:35,

3. Magnus Reite-Bjellaas, Jølster IL, 1:12:25,

4. Sedrik Kauppi Norheim, Hafslo IL, 1:14:15,

5. Lars Teigen, Sogndal Il, 1:24:14,

M 18-19
1. Lars Øvrebø, Gloppen FIL, 1:03:49,

DNF. Bjørn Borkamo, Gaular IL, 00:00, 

M 23-34
1. Joel Dyrhovden, Samnanger IL / SAFA, 50:24,

2. Geir Steig, Luster Il, 53:05,

3. Ivar Garpestad, Sogndal Langdistanselag, 56:35,

4. Roger Pollen, Spenst Førde/Arnes Frisørhjørne, 58:07,

5. Jakob Meløy, NTNUI, 1:00:45,

6. Knut Kjærvik, IL Bjørn, 1:03:11,

7. Runar Hatlevoll, Ornes, 1:03:45,

8. Per Sigve Selseng, Sogndal Il, 1:04:12,

9. Morten Andreas Løchen, KRIK O2 avd Hemsedal , 1:07:44,

10. Oskar Sunde, Idrett utan alkohol, avd. Hemsed, 1:11:06,

11. Geir Olav Haugen, IL Bjørn, 1:11:44,

12. Tor Mølmesdal, Mølmesdal Motbakke, 1:30:05,

13. Magnus Skrede, PwC, 1:59:32,

M 35-39
1. Erling Hisdal, IK Tjalve, 55:07,

2. Sindre Hoff, Viksdalen IL, 55:29,

3. Daniel Kvåle, Team Intersport Sogndal, 57:19,

4. Tommy Havellen, Hestnes Motbakkalag, 1:03:34,

5. Håvard Fuglesteg, IL Fanaråk, 1:04:52,

6. Daniel Furberg, Tastaturlaget - Vestlandsforskin, 1:11:50,

7. Sølve Moe, Hafslo Innebandy, 1:19:29,

8. Mathias Grehl, Kaupanger IL, 1:20:18,

9. Marius Sandvik, Gursken IL, 1:20:25,

10. Terje Brunborg, PwC, 1:21:42,

M 40-44
1. Per-Christian Lysaker Torgersrud, Team Sportsmanden, 50:28,

2. Roy Forthun Olsen, Årdal Gym, 1:04:14,

3. Erik Stavø, Sogndal Il, 1:16:13,

4. Asbjørn Kjos, Hestnes Motbakkalag, 1:30:41,

M 45-49
1. Sverre Nesdal Aske, Fjellhug Vereide, 56:50,

2. Per Eivind Gurvin, Førde IL, 58:17,

3. Per Ove Walaker, IL Fanaråk, 1:00:33,

4. Stig Svalheim, Gloppen Friidrettslag, 1:01:44,

5. Vidar Mallesvik, Jølster, 1:06:22,

6. John Ronny Hove, VIK IL / TOBIL, 1:06:31,

7. Erik Skjerdal, IL Bjørn, 1:07:29,

8. Bjørn Arild Grindhaug, Hestnes Motbakkalag, 1:13:20,

9. Magne Kvalsøren, IL Bjørn, 1:19:36,

10. Magnar Kroken, IL Bjørn, 1:23:35,

M 50-54
1. Bjørn Harald Bongom, Varegg Fleridrett, 1:03:37,

2. Trond Midtkandal, Sandane Sykkelklubb, 1:05:36,

3. Harald Mo, Sauradnkameratadn, 1:20:21,

4. Jan-Erik Røneid, Hafslo IL, 1:27:05,

5. Kai Kvalsøren, IL Bjørn, 1:33:42,

6. Bård Huseby, Tastaturlaget, Vestlandsforsking, 1:39:45, 

M 55-59
1. Arvid Brudevoll, Vik Il, 1:01:02,

2. Henry Hammersland, Gloppen FIL, 1:05:16,

3.Terje Skinstad, IF Sturla, 1:06:31,

4. Eivind Brendehaug, Tastaturlaget, Vestlandsforsking, 1:29:10,

5. Bengt Eliassen, Beel, 1:33:56,

M 60-64
1. Arne Leirdal, IL Bjørn, 1:26:23,

M 65-69
1. Anders Hundere, Lærdal, 1:19:13, 

M 70-74
1. Trond Sundby, Balestrad Idrettslag, 1:23:08,

2. Arne Ingjald Lerum, Sauradnkameratadn, 1:36:40,

3. Reidar G Huus, Florø Turn &Idrettsforeining, 1:56:01,

M 75-79
1. Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen Il, 1:24:18,

2. Hans Bjørn Kvalsvik, Ft&If, 1:53:49,

Til toppen