FRAMLEIS VINTER: Det blir vinter og vintertemperaturar over heile landet til langt inn i neste veke, men meteorologane trur ikkje vinterkulda har festa grepet for alvor enno.​ Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
FRAMLEIS VINTER: Det blir vinter og vintertemperaturar over heile landet til langt inn i neste veke, men meteorologane trur ikkje vinterkulda har festa grepet for alvor enno.​ Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Vinter over heile landet

Det blir vinter og vintertemperaturar over heile landet til langt inn i neste veke, men meteorologane trur ikkje vinterkulda har festa grepet for alvor enno.

Årdal/Lærdal: Kort summert opp vil vintervêret stort sett halde seg på same nivå som no gjennom helga og til slutten av neste veke. Det betyr kalde temperaturar og litt snø, men lite vind utover veka.

Varsla om sprengkulde har ikkje slått til enno, men statsmeteorolog Vibeke Wauters Thyness seier til NTB at dei milde temperaturane berre er forbigåande.

– I dei nordlegaste fylka vil det framleis vere kaldt. Det kjem inn skyer med snø, og temperaturen stig frå minus 30 til minus 10 grader. Det vil framleis vere kaldt, og det vil halde seg rundt same nivå fram til søndag og natt til måndag då temperaturen vil falle igjen, seier ho.

Brannfaren minkar

Ifølge statsmeteorologen vil det komme mest nedbør søndag, opptil fleire centimeter. Brannfaren vil dermed minke, og nedbøren kan også sørgje for noko temperaturendringar.

– I Sør-Noreg sør for Stad og Dovre i tillegg til på Vestlandet til og med Møre og Romsdal vil det halde seg kaldt gjennom helga, men noko mindre kjølig enn dei siste dagane. Lågast temperatur vil fredagen kunne by på, og deretter vil det stige gjennom helga. Det kan bli store temperaturforskjellar, avhengig av om det er ytst på kysten eller i innlandet. Ved Voss og indre strøk kan det blir rundt 15 minusgrader, seier ho.

Lite endringar

Starten av neste veke byr heller ikkje på store endringar. Det vil halde seg kaldt og roleg over heile landet, med snøvêr i kystnære strøk av og til.

Statsmeteorologen er derimot forsiktig med å slå fast at vinteren er kommen for alvor.

– Det er antyding til at det tar slutt frå midten av veka og fram til neste helg, seier statsmeteorologen.

Eit solid høgtrykk i Atlanterhavet blokkerer for lågtrykka, og det kjem kaldluft frå Russland og polområda. Då vil Nord-Noreg vere mest utsett for framleis kalde temperaturar. (©NPK)

Til toppen