Borgund: Tysdag var store og små samla til avslutningskveld på Borgund for premiering og sosialt samvere.
Her er alt frå barneidretten til skytegruppa og skigruppa samla. Med andre ord; typiske vinteraktivitetar.
– Det er veldig kjekt og motiverande å få vera med og leia skyteskulen, seier Olav Tiemann Hegg.
– Me har hatt skyteskule for dei som går i 1. til 4. klasse, der me har møttest fem kveldar. Heile elleve unge skyttarar har fått innføring i skyting desse kveldane. Det er veldig bra, held han fram.
God aktivitet for skigruppa
Aktiviteten har også vore god for skigruppa. Sjølv om snøforholda ikkje alltid har vore dei beste, har dei fått gjennomført alle cuprenna denne sesongen.
Birgit Lunde leia premieringa for dei som har vore ivrige i skisporet i vinter og roste innsatsen deira.
Artikkelen held fram under biletet.

– I alt 49 individuelle deltakarar stilte til start. Av dei var det 27 løparar som stile opp på alle fire renna, seier ho.
Pokal for fem år
Motivasjonen for skiløparane er om dei greier skimerket, og det er nettopp det som vart delt ut denne kvelden.
– I kveld deler me ut elleve bronsemerke, fem sølv og to emaljemerke, men det vert ikkje delt ut gullmerke eller plakettar i år.
Det vart derimot delt ut 5-årspokal til Jakob Grøttebø, Sigve R. Opdal og Ingvar R. Opdal.