FØRSTE TAP: Håvard Hatle og Fjøra gjekk på sitt første tap i vinter etter fem strake sigrar. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FØRSTE TAP: Håvard Hatle og Fjøra gjekk på sitt første tap i vinter etter fem strake sigrar. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Vinterens første tap for Fjøra

Det låg an til å ebbe ut i ein mållaus treningskamp mot fylkeskollega Florø, men fem minutt før slutt scora Fredrik Langlo det avgjerande målet.

Fjøra – Florø 0-1

Sogndal: Dermed gjekk Fjøra på sitt første tap i vinter etter fem strake sigrar så langt. I oppgjeret mot Florø hadde heimelaget frå Sogn trøbbel med å stable saman eit lag frå eigen stall.

Trass utfordringa gav dei 1. divisjonsklubben god kamp. Begge lag hadde fine sjansar til å ta leiinga tidlegare i kampen. Mellom anna fekk Fjøra eit mål annullert. 

Det såg ut til at oppgjeret skulle ebbe ut i 0-0, men fem minutt før slutt skar Fredrik Langlo inn frå kanten og avslutta i mål.

Fjøra, som skal spele i 3. divisjon komande sesong, har sin neste treningskamp 11. mars mot Valdres på Campus.

Desse starta for Fjøra: Emil Harloff - Joar Hoberg, Gøran Wigum, Per Eirik Lunde, Joar Tryti - Stian Njøs, Sindre Thue, Arne Martin Fossland, Eirik Kristoffersen - Mathias Løken, Bakary Traore.

Reservar: Brage Navarsete, Markus Thorberg, Espen Outzen, Henrik Ørpetveit, Torbjørn Oddenes.

Til toppen