Årdal: – Dette er ein fin tur om sommaren og om vinteren, fortel Rigmor Øygarden.
Ho går her ofte, men tykte at dei raude husa på Vetti gard såg spesielt koselege ut i nysnøen.
– Det plar vera mange som går her, men no møtte eg ingen. Det er ei fredeleg tid på året, fortel Øygarden.
Les òg: Utsyn over vakker natur i haustsol
Ei veksande interesse
Øygarden fortel at ho likar å fotografera, og fleire av bileta hennar er plukka ut til Vekas foto. Av og til tenker ho at ho kanskje tek litt for mange bilete, men det er ikkje noko ho uroar seg over.
– Folk får bla fort forbi hvis dei ikkje vil sjå. Eg synest det er så kjekt, så eg delar dei likavel, seier ho og ler.
Det er i løpet av dei siste åra fotointeressa har vekse fram. Til å byrja med var det ein del av ei livsstilsendring.
– I 2014 bestemte eg meg for å legga om livstilen og å halde meg i form. Bilettakinga kom som ein del av det. I byrjinga var det kanskje motiverende å visa kor flink eg hadde vore, men no handler det meir om å kosa seg på tur, fortel Øygarden, og legg til at ho likar å sjå tilbake på stadane ho har gått, gjerne til ulike årstider og frå ulike perspektiv.