GRÅTT: Det blir vindfullt og regnfullt i fjellet over helga, og det er fare for at vegane vert stengte. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
GRÅTT: Det blir vindfullt og regnfullt i fjellet over helga, og det er fare for at vegane vert stengte. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Vinterferien vert avslutta med uvêr

Oppmodinga frå meteorologane og trafikkoperatørar er å reise tidleg.

Årdal/Lærdal: Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel og oppmodinga til folk som skal ferdast på vegane er å kome seg tidleg avgarde.

Denne helga vert vintereferien avslutta på Vestlandet, medan Austlandet no startar på si friveke. Det vil sannsynlegvis gi mykje trafikk på vegane.

Det er meldt sørleg liten storm på Vestlandet, og verst blir det på kysten og i fjellet. Utover kvelden fredag vil vinden auke på til stiv kuling utsette stader. I tillegg er det meldt noko mildare vêr og nedbør som bidreg til å gjere det vanskeleg.

Det verste vêret vil kome fredag kveld, så oppmodinga frå trafikkoperatørar er å setja seg i bilen og kome seg avgarde tidleg. Med slikt vêr er det alltid ein fare for at fjellovergangar vert stengt.

Fredag føremiddag ser det bra ut på samtlege fjellovergangar mellom aust og vest. 

Til toppen