OPNAR I MORGON: Denne bommen har skapt mykje sinne på Kaupanger. I morgon lovar grunneigaren at vegen blir opna og brøytt.
OPNAR I MORGON: Denne bommen har skapt mykje sinne på Kaupanger. I morgon lovar grunneigaren at vegen blir opna og brøytt. (Foto: Porten.no-tipsar)

Vipps så var floka løyst – opnar veg til populært turområde i morgon

Grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm tek på seg strøing og brøyting sjølv, utan hjelp frå kommunen, og oppmodar turfolket å betala for bruken gjennom Vipps.

Kaupanger: I ei pressemelding i dag skriv Nils Joachim Knagenhjelm frå Kaupanger Hovedgård at dei vil halda vegen til Goro, eit populært utgangspunkt for turar på Kaupanger, open frå i morgon av og til 2. april. Unnataket er dersom teleløysinga kjem tidlegare.

Hovedgården ber om at idrettslaget og alle som brukar vegen betalar ein femtilapp via Vipps kvar gong dei brukar vegen, i den perioden.

– Midlane vil gå til dekking av kostnadane ved å halda vegen open, skriv Knagenhjelm i pressemeldinga, og listar opp brøyting, strøing og forsikring.

TEK GREP: Grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm (fremst i svart skjorte og med notatblokk på fanget) ved Kaupanger Hovedgård forstår ikkje at han har blitt syndebukk i striden rundt Gorovegen. Her på eit folkemøte om dei to naturreservata som er føreslått oppretta på eigedomen hans. Foto: Halvor Farsund Storvik

Grunneigaren er kritisk til tidsbruk

I pressemeldinga blir det understreka at betalinga er frivillig, fordi Hovedgården ikkje enno har lov til å kreva bompengar.

– Frå vinteren 2018/2019 vil Kaupanger Hovedgård sjølv syta for at vegen vert bombengefinansiert, utan kommunal medverknad, skriv Knagenhjelm.
Knagenhjelm er kritisk til kommunen og det han meiner er treig handsaming av saka frå deira side. Mellom anna viser han til at dei sende forslag til avtale om vinterbruk av vegen i midten av oktober, men at saka først vart handsama politisk 1. februar.

Avtalen vart nedstemt, då det viste seg at ein annan grunneigar motsette seg at det vart lagt straumkablar over hans grunn og opp til den planlagde elektroniske bommen.

Han er òg kritisk til at formannskapet gjorde vedtak om opning før helga, utan at han som grunneigar var rådspurt og utan at det vart gjort formelle avklaringar.

– Det har ikkje vore kontakt mellom Kaupanger Hovedgård og administrasjonen i Sogndal
kommune utover at vi fekk tilsendt saksprotokollen frå formannskapsmøtet fredag morgon. Ut frå protokollen var det ikkje råd å forstå kven som skulle ha ansvar for brøyting og strøing, skriv han.

Ufrivillig syndebukk

GLAD: Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune er glad for at vegen endeleg kan opna. Foto: Halvor Farsund Storvik

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune er glad for at Hovedgården har bestemt seg for å opna vegen, og at det er funne ei løysing for at brukarane kan vera med å finansiera kostnadane.

At det tok lang tid før saka vart presentert for politikarane, seier han skuldast at idrettslaget brukte lang tid på å kommentera tilbakemeldinga kommunen skulle gje Hovedgården. Det har dei sjølve innrømma, seier rådmannen.

– Det er ikkje unaturleg at det vil ta noko tid i ei sak med fleire partar, seier Aanestad.

Han seier han sende protokollen frå formannskapsmøtet til Hovudgården tidleg neste dag, med spørsmål om vegen kunne opnast til helga. Til svar fekk han åtte vilkår som måtte på plass før det var aktuelt, fortel Aanestad.

I dag tidleg uttalte politikar Gunnhild Bøyum (H) seg kritisk til grunneigar Knagenhjelm, som ikkje opna vegen i helga, trass vedtak om det i kommunen.

Knagenhjelm kan ikkje forstå korleis han har vorte syndebukken oppi det heile.

– Kaupanger Hovedgård har ikkje ansvar for at det har teke lang tid å få saka opp politisk. Det er administrasjonen i Sogndal kommune som har styrt framdrifta. Kaupanger Hovedgård kan heller ikkje lastast for at ein annan grunneigar motsette seg løysinga som var framforhandla, skriv han.

Til toppen