HØGSESONG: Sommaren er høgsesong for fleire typar arbeid langs veg, likevel er berre nokre få som pressar på og syner uønskt framferd. Foto: Statens vegvesen
HØGSESONG: Sommaren er høgsesong for fleire typar arbeid langs veg, likevel er berre nokre få som pressar på og syner uønskt framferd. Foto: Statens vegvesen

Vis omsyn – sommaren er høgsesong for vegarbeid

Etter fleire stygge episodar, oppmodar Statens vegvesen trafikantane til å vise omsyn når du passerer område med asfaltering og vegarbeid. 

Sommaren er høgsesong for fleire typar arbeid langs veg, og for nokre bilistar kan det opplevast som irriterande å bli stoppa på grunn av gravearbeid, asfaltering eller tunnelvask.

Utolmodige bilistar

HMS-medarbeidar Åse Marie Eikeland i Statens vegvesen, nemner nokon av dei verste eksempla denne våren. 

– Ein bilist køyrte forbi kolonnekø, ein trailer passerte trafikkdirigent i høg fart så han måtte rygge unna, i tillegg til bilistar som er sinte og vil tvinge seg gjennom arbeidsområdet sjølv om det er stengt, fortel Eikeland.

STYGGE EPISODAR: Åse Marie Eikeland,  HMS-medarbeidar i Vegavdeling Sogn og Fjordane, fortel om fleire stygg episodar denne våren. 
STYGGE EPISODAR: Åse Marie Eikeland,  HMS-medarbeidar i Vegavdeling Sogn og Fjordane, fortel om fleire stygg episodar denne våren. 

– Gjer vår beste

Ved ein gjennomgang av uønskte hendinga i samband med vegarbeid i Sogn og Fjordane så langt i år, går det fram at nokre få sjåførar pressar på og visar uønskt framferd, medan det store fleirtalet er tålmodige og ventar på klarsignal.

– Me gjer vårt beste for å unngå uheldige situasjonar under drift- vedlikehald og arbeid på veg. Mellom anna skal både eigne tilsette og entreprenørar som jobbar for oss ha nødvendig opplæring i arbeidsvarsling. Me ynskjer òg at skiltinga av arbeid skal vere tydeleg og god, og at ein ikkje skilter ned farta på lengre strekk enn ein treng, seier Eikeland.

Trafikkmeldingar og oppdatert informasjon frå Statens vegvesen finn du her.

Til toppen