HER: Om lag der trea står til venstre og bak for den oransje bygningen vil Kjersti Lysne Sanden og familien byggja hus. Men kommunen har i eit administrativt vedtak avslege søknad om frådeling av tomt frå garden som foreldra eig. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HER: Om lag der trea står til venstre og bak for den oransje bygningen vil Kjersti Lysne Sanden og familien byggja hus. Men kommunen har i eit administrativt vedtak avslege søknad om frådeling av tomt frå garden som foreldra eig. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Viser at jordvernet ikkje står sterkt i Lærdal

Etter at Arne Sanden og Iren Lysne fekk avslag på å frådela ei tomt til bustad som ifølgje søknaden består av grus og grov elvegrande, syner dei i ein klage til at kommunen såg stort på jordvernet  då Håbakken 2 vart omregulert.

Lærdal: Sanden og Lysne søkte i haust om å frådela ei tomt på om lag to mål i ytterkanten av eigedommen sin. Føremålet var bustad for dottera Kjersti Lysne Sanden og hennar familie på totalt fem.

I eit eige skriv til kommunen frå Kjersti Lysne Sanden står følgjande: 

"Med tanke på å førebu eit framtidig generasjonsskifte på garden, ønskjer me å frådele ei tomt til bustadformål på garden (...). Området er i utkanten av garden, er ikkje dyrkbar mark og har tilkomstveg. "

Avslag grunngjeve med jourdbruksinteresser og fråver av samfunnsinteresser.

Ettersom den førespegla tomta ligg innanfor det sokalla i LNF-området (Landbruks-, natur- og friluftsområde) i kommuneplanen - noko som tyder at området ikkje skal nyttast til bygg som ikkje er direkte tilknytt jordbruk - blir det søkt om dispensasjon frå kommuneplanen.

Kommunen avslo i slutten av januar søknaden, og grunngav dette med fleire punkt. Argumenta går hovudsakleg på at garden ville få ei uheldig oppdeling for framtidas generasjonar og landbruket på eigedommen, vidare at frådelinga ikkje har samfunnsinteresser av stor betyding.

"Det vert ikkje rett å nytte generasjonsskifte som argumentasjon for frådeling av areal på ein landbrukseigedom. I eit generasjonsskifte på ein landbrukseigedom er det ikkje vanleg å dele ifrå areal til bustad. Om bruket ikkje har meir enn ein bustad opnar jordlova for å gje løyve til bygging av kårbolig", står det i det administrative vedtaket.

"Vanskeleg å få kulturplanter til å gro i grus og grov elvegrande"

Arne Sanden og Iren Lysne har klaga på vedtaket, punkt for punkt. Mellom anna står det i klagen:

"Heile argumentasjonen som ligg til grunn for avslaget på søknaden vår, er tufta på at det omsøkte arealet er dyrkbar mark. Dette er, etter vårt syn, feil. Hadde tilhøva vore slik, ville me sjølvsagt teke dei nødvendige grepa for å ta dette arealet i bruk i vår produksjon.

Her vil me vise til at me trass alt har avgrensa arealressursar til disposisjon på bruket, så ei slik utviding ville vore svært tenleg. Årsaken til at dette ikkje er gjort, ligg nettopp i det faktum at det er vanskeleg å få kulturplanter til å gro i grus og grov elvegrande."

Stiller seg undrande til argument om fråvêr av samfunnsinteresser

I ein tilleggkommentar viser dei til det faktum at jordvernet måtte vika då området Håbakken 2 vart omregulert til næring i kommunestyret i februar:

"Planen inneber at om lag 40 dekar god dyrka mark, samt ein del areal med beitemark , vert omdisponert til areal for industri. Det gir tydelege signal om stoda for vernet av den dyrka jorda i kommunen og viser at jordvernet ikkje står sterkt i den politiske arealforvaltninga i Lærdal.

Ser me dette i perspektiv til vår søknad om frådeling av tomt, på eit areal som trass alt ikkje er dyrka jord, men grus og grov elvegrande, er avslaget på grunnlag av jordvernet ikkje til å forstå".

At ei frådeling ifølgje vedtaket ikkje har samfunnsinteresser finn dei også vanskeleg å forstå; dei viser her til at det ligg føre planar i omstillingsarbeidet med konkrete mål for å auka tal innbyggarar i Lærdal, og spesielt innan aldersgruppa 20 – 40 år.

"Me søkjer om frådeling av ei tomt til dotter vår, og hennar familie, som ønskjer å bygge hus i Lærdal. Dei har ikkje planar om å flytte til Lærdal i nær framtid, men tomta og huset vil gje grunnlag for ei seinare tilflytting. Me minner om at eigedomen ikkje er odlingsjord (mindre enn 25 da dyrka jord) og at den heller ikkje har konsesjonsplikt", står det i kommentaren.

Lærdal kommune presiserer overfor Porten.no at dei ikkje har teke stilling til klagen på vedtaket om frådeling, og at dei nye momenta i saka som har kome fram gjennom klagen vil bli vurdert i sakshandsaminga.

 

Til toppen