Flotte bilar:  Mykje flott å sjå for bilinteresserte på Årdalstangen på Najonal motordag. Foto: Ole Ramshus Sælthun   
Flotte bilar: Mykje flott å sjå for bilinteresserte på Årdalstangen på Najonal motordag. Foto: Ole Ramshus Sælthun  

Viser fram dei grommaste doningane

Er du interessert i køyretøy på to, fire eller seks hjul har Fjord til Fjell-dagane mykje å by på.

Årdal: Minst hundre køyretøy i ulike fargar og fasongar er venta å rulla gjennom gatene på Årdalstangen laurdag under Fjord til Fjell-dagane. I tillegg skal det testast kor lenge ein motor går på fullt turtal før den sprengjer. Og kor langt ein diger snøfresar klarar å kasta tilkøyrd snø ut på Årdalsfjorden.

– Det blir mange flotte køyretøy og mykje artig, seier Einar Sletten i Amcar Årdal.

Artikkelen held fram under biletet

Grom: Einar Sletten (t.v.) og Kjell Arthur Neset framfor Neset sin Chevrolet Camaro. I denne 8,2 liters motoren bur det 502 hestekrefter. 
Grom: Einar Sletten (t.v.) og Kjell Arthur Neset framfor Neset sin Chevrolet Camaro. I denne 8,2 liters motoren bur det 502 hestekrefter. 

Fellescruising

Måndag troppa motorfrelste opp med doningane sine på kaien på Årdalstangen. 6.juni er Nasjonal motordag, eit ypparleg høve for eit lite "vorspiel" til helgas begivenheiter.

– Poenget er å syna fram det som står i garasjane rundt om. Både vanlege og meir spesielle bilar, motorsyklar, mopedar og lastebilar. Traktorar også, for den saks skuld. Å visa fram hobbyen sin, det er er det Nasjonal motordag handlar om, fortel Sletten.

Ti bilar står lina opp i finvéret. Lakken glitrar om kapp med Årdalsfjorden. Bileigarane diskuterer. Kven har dei råaste felgane? Enn den grommaste motoren? 

– Me samlast her for å prata om interessa vår. Så tek me ein cruiserunde etterpå, om det er stemning for det, seier Sletten.

– Råning, altså?

– Det er vel det. Eller fellescruising, som me kallar det.

Artikkelen held fram under biletet

Klassisk: Slik ser livet ut frå ei utgåve av det britiske bilmerket Triumph.
Klassisk: Slik ser livet ut frå ei utgåve av det britiske bilmerket Triumph.

Elleve pokalar

Men det er altså laurdag det skjer. Då ventar Sletten og dei andre i Årdal Amcar at over hundre køyretøy møter opp på biltreffet som skal vera klokka 11 under Fjord til Fjell-dagane. I tillegg til at publikum får sjå flotte køyretøy, skal heile elleve pokalar delast ut i ulike kategoriar. Kategoriane er: Amcar, veterankøyretøy, gatebil, MC, Custom MC (ombygde motorsyklar), samt lastebil, van og truck. Her stemmer eigarane på kvarandre sine køyretøy.

– I tillegg har me "Peoples choice", som er publikumsprisen. 

Motorsprenging og snøfresing

Kåringa skjer klokka 15 på Torget. Og det er ein konkurranse til, av den litt meir sære sorten: Tippekonkurranse der det er om og gjera å tippa best mogleg kor lenge ein motor av ein viss type "overlever" på fullt turtal før den sprengjest. 

– I fjor heldt motoren me hadde berre i eitt minutt. Me håpar den skal halda litt lenger i år, seier Sletten.

– Kor lenge kan ein motor halda på fullt turtal?

– Ti minuttar, fem minuttar, eitt minutt. Det er det som er artig - me anar ikkje.

– Kva motor er det denne gongen?

– Det veit me ikkje no. Men det er på ein bil som skal kasserast.

Artikkelen held fram under biletet

Glitrar: Corvettane står lina opp i solskinet på kaien.
Glitrar: Corvettane står lina opp i solskinet på kaien.

Siste post på programmet for dei som let seg fascinera av rå kraft er snøfresing på kaien på Tangen. Maskinentreprenør Hæreid AS skal fredag køyra ned mellom 100 og 200 kubikk snø frå fjellet. Denne snøen skal snøfresaren som blir brukt på Tindevegen kasta på fjorden laurdag mellom klokka 13 og 14.

– Me får demonstrert litt kva krefter som faktisk er i sving. Eg trur det blir artig, seier Sletten.

 

 

Til toppen