Sogndal: – Det kunne godt ha komme fleire folk innom, seier Oddrun Midtbø som har kontor i Haugehuset.
Juleutstilling
I Haugehuset kunne ein i helgedagane i desember sjå lokal kunst og handverk.
– Det er alltid litt greitt å ha ei utstilling før jul, seier Midtbø.
Ein kunne finne kunst og handverk laga av 9 forskjellige lokale personar. Noko av det som var å finne var akvarell teikningar, keramikk, Måleri, illustrasjonar, treverk og mykje anna.
– Haugehuset er eit fint bygning, med fine lokale og det er kjekt å kunne vise fram det ein har jobba med gjennom året, seier Midtbø.
Lite oppmøte
Helga før jul var siste gongen juleutstillinga kom til å bli vist fram og Oddrun Midtbø hadde gjerne sett at fleire hadde tatt turen innom.
– Det er kanskje litt langt å gå frå Fjøra. Men det er ein del folk som går forbi, seier Midtbø. Ho er usikker på om det er på grunn av utstillinga.
– Kanskje viss ein hadde hatt ei anna utstilling som ikkje var kortreist kunst og handverk vil fleire ha sett på.
Permanent utstilling
Oddrun Midtbø og Astri Tove Haug nyttar lokalet til arbeid heile året rundt. Her er det permanent utstilling, men berre med Midtbø og Haug sine produkt.