VIDEO: I ein ny video frå Visit Sognefjord vert Utladalen og Årdal synt fram frå si aller beste side. Målet er at fleire skal finne vegen til Årdal, og då spesielt fordi ein har mykje å tilby for vandrarar. Foto: Grab/Falkeblikk. 
VIDEO: I ein ny video frå Visit Sognefjord vert Utladalen og Årdal synt fram frå si aller beste side. Målet er at fleire skal finne vegen til Årdal, og då spesielt fordi ein har mykje å tilby for vandrarar. Foto: Grab/Falkeblikk. 

Viser Utladalen frå si beste side: – Eit underkommunisert område

Over 50 000 har allereie sett videoen som viser Utladalen og Årdal frå si aller beste side. 

Årdal: Videoen syner Årdal, Utladalen og Jotunheimen frå si aller flottaste side. Det er Falkeblikk som har lage videoen for Visit Sognefjord, Årdal Utvikling og reiselivsbedrifter i kommunen. 

– Dette er eitt av tiltaka me jobbar med. I denne videoen er fokuset på Utladalen og vandring, men samstundes der me får kopla på Årdal med overnatting på Svalheim, seier reiselivsdirektør i Visit Sognefjord Ståle Brandshaug. 

Sjå videoen nedst i artikkelen.

Årdal ønskjer å bli betre på reiseliv, og det er oppretta ei ressursgruppe som jobbar med ulike tiltak for å styrke posisjonen og få folk til å velje nettopp Årdal når dei planlegg ferien. Kristoffer Nystedt, som driv Svalheim gard, meiner slike videoar er viktig.

BETYR MYKJE: Slike videoar som syner Årdal frå si beste side betyr mykje, meiner Kristoffer Nystedt, drivar av Utladalen Camping og Svalheim gard. 
BETYR MYKJE: Slike videoar som syner Årdal frå si beste side betyr mykje, meiner Kristoffer Nystedt, drivar av Utladalen Camping og Svalheim gard. 

– Slike små drypp med alt frå då Eskil Rønningsbakken balanserte ved Vettisfossen til reportasjar me fekk om området i fjor betyr utruleg mykje. Å få landskapet ut på sosiale medium er viktig fordi det er der folk sit og planlegg ferien sin, seier Nystedt.

Han satsar på vandring og meiner det er det sterkaste produktet Årdal har å tilby. Det meiner Brandshaug også, som fortel at vandring er vinden og noko Sogn og Vestlandet satsar på.

– Det er fleire og fleire som tek seg ein slik tur i året, anten med familie eller på jente- eller gutetur. Det er blitt veldig populært. Eg tykkjer det er spesielt kult at mange no vel å bruke Utladalen til nettopp denne årlege turen, legg Nystedt til. 

Stor respons

I videoen får me bli med eit par som startar reisa i Årdal, går til Vetti, opplever Vettisfossen og Jotunheimen før dei avsluttar dagen med ei natt på Svalheim gard. Til no har over 50 000 sett videoen, nesten 700 har delt han og nesten 600 har likt han. Det er akkurat det Visit Sognefjord ønskjer.

REISELIVSDIREKTØR: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.
REISELIVSDIREKTØR: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

– Og så er det ei todeling her mellom det at lokalbefolkninga kjenner på stoltheit og vil dele dette med sitt nettverk og at folk elles i landet og utlandet oppdagar denne perla som Jotunheimen og Utladalen er. I tillegg blir videoen delt i våre kanalar gjennom Visit Norway og Fjord Norge.

Kor stor effekt videoen vil ha i form av tilreisande, er vanskeleg å seie, meiner reiselivsdirektøren, men erfaringa tilseier at slike korte videoar vert omgjort til reiselyst.

– Me ønskjer primært å visa fram dette fantastisk området, og ikkje minst Årdal som me meiner har vore underkommunisert. 

Godt samarbeid

Brandshaug seier ei spelar på at kommunen fungerer som ein port mellom Sognefjorden og Jotunheimen og meiner langt fleire bør ta turen innom Årdal. 

– Her har Årdal Utvikling vore tungt inne med ressursar, Visit Sognefjord har støtta med gode avtalar som me har med våre leverandørar, medan reiselivsbedriftene har bidrege med å ta vare på filmteamet då dei var her. Dette er eit godt døme på korleis ein må jobba saman for å lykkast med reiselivet.

Til toppen