VERDAS FYSTE: Med sitt unike design skil det miljømedvitne fartøyet Vision of the Fjords seg ut blant ferger og småbåtar i Nærøyfjorden. Foto: Sunniva Øvstetun
VERDAS FYSTE: Med sitt unike design skil det miljømedvitne fartøyet Vision of the Fjords seg ut blant ferger og småbåtar i Nærøyfjorden. Foto: Sunniva Øvstetun

Vision of the Fjords revolusjoner turistverksemda

Den er den fyste av sitt slag i verda, og det innovative og grensesprengande fartøyet gjev dei reisande ei naturoppleving utanom det vanlege.

- Eg tek ikkje for hardt i når eg seier at denne båten er ein sensasjon. «Vision of the Fjords» er spesiell på svært mange måtar, seier Geir Inge Tufte frå Flåm ÅS.

Vision of the Fjords er ein 40 meter lang katamaran, som på grunn av sine innovative hybridløysingar kan gå på fornybar energi i Verdsarvparken Nærøyfjorden.

Vision of the Fjords har ein klar visjon; å redusere fartøyet sitt miljømessige fotavtrykk, samstundes som dei reisande skal få oppleve den spektakulære naturen i verdsarvparken på best mogleg vis.

Heirsnosi som inspirasjonskjelde
Vision of the Fjords skil seg klart ut frå dei andre fartøya som ferdast på Nærøyfjorden. Eksteriøret er inspirert av dei mange krunglete vegane som snirklar seg opp dei bratte fjella på vestlandet, deriblant vegen til 1000-meteren i Årdal.

Målet med dette designet er å gi passasjerane fridommen til å gå rundt heile skipet medan ein nyter den storslåtte naturen. Båten har til saman om lag 400 meter med rekkverk, noko som i praksis tyder ein meter rekkverk per passasjer, designarane ynskjer at alle reisande skal få ei like god oppleving.

Vision of the Fjords berer tydeleg preg av visjonen om å gi dei reisande ei nær oppleving med naturen. På innsida er designet tona ned til klassiske og reine linjer og mange vindauge. Her er det naturen i seg sjølv som skal vere kunstverket.

Artikkelen held fram under biletet

PANORAMA: Innida av båten er klassisk og stilfull, medan alle dei store vindaga gjer at ein nærmast får naturen i fanget.
PANORAMA: Innida av båten er klassisk og stilfull, medan alle dei store vindaga gjer at ein nærmast får naturen i fanget.

Eit miljømedvite fartøy
Vision of the Fjords er verdas fyste hybridskip i karbon, som vekslar mellom å gå på straum og diesel. Båten er ei viktig satsing innan miljøvenleg transport, og målet er å kunne nytte seg berre av batteri.

- For oss er det viktig å kunne gi dei mange reisande eit grønt alternativ. Eg vonar og trur me vil sjå meir av miljøvenlege skip framover, me har  ikkje noko anna alternativ enn å slutte å dumpe diesel i fjorden, meiner Tufte.

Tufte fortel vidare at fartøyet vil segle heilt lydlaust inn og ut av Nærøyfjorden og gi gjestane om bord ei heilt ny og nærare oppleving av naturen i det sårbare området som Flåm AS ynskjer å forvalte å ta vare på for framtidige generasjonar.

STORSLÅTT NATUR: Blant høge fjell og vakker natur syner Vision of the Fjords fram det beste av norsk natur.
STORSLÅTT NATUR: Blant høge fjell og vakker natur syner Vision of the Fjords fram det beste av norsk natur.

For å ta betre vare på strandsona i Verdsarvparken er skroget på Vision of the Fjords konstruert såleis at det vil gi svært små bølgjer og dermed minimerer slitasjen på strandsona.

Mindre støy, betre oppleving
Det er ikkje berre utforminga av den særeigne båten som skal syte for at passasjerande får ei heilt spesiell naturoppleving. Vision of the Fjords tilbyr gjestane sine ei reise som er uforstyrra av bråk og støy.

Dei nyttar seg difor av eit guideappen NaviGuiding, som kort sagt fortel dei reisande kva dei kan oppleve langs reiseruta. Gjennom satelittnavigasjon vert lyd og bilete synkronisert, og informasjon om ulike attraksjonar langs ruta vert fortalt nøyaktig i det båten passerar attraksjonen.

I dag er fleire stadar langs reiseruta merka av på den turistvenlege appen, deriblant Ægir Bryggeri, Otternes og Lægdefossen i Nærøyfjorden. 

Til toppen