ENKLARE FOR ALLE: Med den nye web-portalen Visit Årdal vil gjera det enkelt for besøkande å finna informasjon om moglegheitene som finst i Årdal, på same tid som dei vil gjera det enkelt å booka både overnatting og opplevingar.
ENKLARE FOR ALLE: Med den nye web-portalen Visit Årdal vil gjera det enkelt for besøkande å finna informasjon om moglegheitene som finst i Årdal, på same tid som dei vil gjera det enkelt å booka både overnatting og opplevingar.

Visit Årdal blir ny webportal for Årdal

Portalen vil fungera som ei felles landingsside for alt Årdal har å by til gjester og innbyggarar.

Årdal: Onsdag lanserer Årdal Utvikling ein heilt ny webportal for Årdal. Portalen får namnet Visit Årdal, og vil fungera som ei felles landingsside for alt Årdal har å by til gjester og innbyggarar, skriv Årdal Utvikling i ei pressemelding. 

– Dei siste åra har Årdal Utvikling og dei ulike aktørane innan turisme og næring jobba godt for å satsa på reiselivet, og denne portalen er eit resultat av dette arbeidet, sa Trine Grøttebø, rådgjevar i Årdal Utvikling.

Dei vil gjera det enkelt for besøkande å finna informasjon om moglegheitene som finst i Årdal, på same tid som dei vil gjera det enkelt å booka både overnatting og opplevingar.

Innhaldet i portalen tek utgangspunkt i reiselivsstrategien som Årdal Utvikling har utarbeida for Årdal kommune, og følgjer opplevingsaksen frå Sognefjorden i eine enden til Jotunheimen i andre. 

Ikkje tenkt å utsetja lanseringa 

Per no er turistnæringa i Årdal råka av den same krisa som resten av landet, med stor usikkerheit knytt til COVID-19, men å utsetja lanseringa av Visit Årdal har ikkje vore eit tema.

– Me meiner tidspunktet for å lansera sida er heilt rett. Det kjem ei framtid etter korona, og me må rigga oss for å kunna ta i mot gjester når den tida kjem. Me håpar også at dette vil senda eit signal om optimisme og framtidsvon til både aktørane som er knytt opp til portalen, men også til alle andre samarbeidspartnarar rundt i regionen, sa Grøttebø.

Årdal Utvikling er prosjekteigar for Visit Årdal, medan Torunn Todal Laberg er prosjektleiar for å fylla portalen med innhald.

– Visit Årdal gjer det mogleg å samla all informasjonen på same plass, og det vil gjera det enklare å pakka opphald over fleire dagar som inkluderer alt det Årdal har å by på frå innerst i Sognefjorden og heilt til dei høgste tindane i Jotunheimen. Årdal er eit godt utgangspunkt også for å nå dei store attraksjonane andre stader i regionen, seier Laberg i pressemeldinga.

Årdal Utvikling har saman med reiselivsnæringa i Årdal etablert Årdal Adventure som skal ha ansvar for å utvikle Visit Årdal vidare. Den nye webportalen vil gjera det enklare å få fram mangfaldet og dei flotte opplevingane Årdal har å by på, noko som vil legga grunnlaget for den vidare utviklinga av Årdal som reisemål, og ikkje minst det gode samarbeidet mellom aktørane.

Til toppen