FYRTÅRN: Ein av satsingsområda til Visit Sognefjord AS for å få folk nyssgjerrige på Årdal er Utladalen. Foto: Dick Brunsvold
FYRTÅRN: Ein av satsingsområda til Visit Sognefjord AS for å få folk nyssgjerrige på Årdal er Utladalen. Foto: Dick Brunsvold

Visit Sognefjord AS treng di hjelp

Kva kan Årdal gjere for å bli større på reiseliv?

Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør Visit Sognefjord AS reiser i desse dagar rundt i Sogn, som bidragspartnar til næringsutvikling. I kommunestyret i Årdal sist torsdag spør han kva folk treng her i Årdal for å utvikle produkt og arrangement for å gjere plassen meir attraktiv. 

REISELIV ER SÅ MYKJE: – Me treng treng hjelp lokalt for å få fleire tilreisande, seier Ståle Brandshaug.
REISELIV ER SÅ MYKJE: – Me treng treng hjelp lokalt for å få fleire tilreisande, seier Ståle Brandshaug.

Ekspertane finst lokalt

Brandshaug oppfordrar folk til å få i gang lokale ressursgrupper, som kan diskutere reiseliv, handel og utfordringar i eigen kommune. Innspela skal gi kunnskap inn til både kommunen og næringsliv. Rolla til Visit Sognefjord er å vera pådrivar for å gjennomført innspela og å skaffe midlar.

– Det er litt for få som reiser til Årdal. Å få fleire grunnar for å reise til hit, vil også virke inn på busetjingslyst, trivsel og verdiskaping. Reiseliv er så mykje, alt frå hotell, handel, camping til turar. Me treng hjelp lokalt for å løfte fram attraksjonane, seier han. 

Digitale forbrukarar

Brandshaug peikar på at folks vanar er i endring, ved hjelp av til dømes nettbrett og smarttelefonar, finn folk mykje informasjon sjølve alt før dei bestemmer seg for kor å reise. Difor må ein tilpassa seg etter marknaden når ein sel attraksjonar.

– Om me legg litt om på drifta av turistinformasjon, kan me frigjere pengar til meir marknadsarbeid gjennom digitale hjelpemiddel. For å drive meir effektivt, er ein moglegheit  er at turistinformasjon har samdrift med til dømes eit hotell eller bibliotek. Det betyr ikkje dårlegare service, men billligare og betre elektroniske løysingar for å få folk hit, seier han.  

Fyrtårn framover

Visit Sognefjord AS vil satsa på sesongane sommar, haust og vinter i Årdal og på aktivitetar som stigsykling, fotturar lagt rundt historie og arrangement, via ferrata og klatrepark. Han nevner også at ein langsiktig visjon om å kunne tilby båttransport mellom Årdal og Flåm.

– Me jobbar med fyrtårn eller spissprodukt, som er godt synlege. I Årdal er særleg Utladalen, Vettisfossen og Jotunheimen Nasjonalpark viktig for å få folks merksemd. Når me har fått den, skal me fortelje meir om kva Årdal har å tilby på detaljnivå. Det er slik me jobbar, forklarar Brandshaug. 

SATSING BETYR MYKJE: Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) seier ho håpar på fleire initiativ til satsingar i Årdal.
SATSING BETYR MYKJE: Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) seier ho håpar på fleire initiativ til satsingar i Årdal.

Drahjelp lokalt og internasjonalt

Under møtet spurde varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) kva Årdal får att for potten kommunen legg inn i Visit Sognefjord AS. Ho nevner at Årdal har mange fleire fine plassar som Fardalen, Sletterust og Offerdalen.

Brandsdal forklarar at vandreturar i Årdal alt finst gjennom nettsida ut.no, som Visit Sognefjord jobbar opp mot. Den informasjonen får turistar få så snart dei har oppdaga plassen.

I tillegg har Visit Sognefjord AS har tett samspel med reisemålsselskapet Fjord Norge AS, som koordinerer marknadsarbeidet for dei fire Vestlandsfylka internasjonalt.

Klar til å gå i gang

– Me kan bidra med å få på plass pengar og er klare til å rigge opp satsinga. Årdal vil bli meir tydeleg presentert på internett alt til neste år. Det er like viktig med innspel om kva produkt som skal marknadsførast, som kva som kan bli utvikla. Desse vil me vera med å løfte fram. Det gjeld alt frå gode idear, bilete og videoar, seier Brandshaug.  

Har alt meldt seg

Alt etter møtet i kommunestyret har Brandshaug vore i kontakt med ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, der han fortel at Terje Laberg i Årdal Utvikling, Kristoffer Nystedt i Utladalen Camping og Erling Eggum på Klingenberg Hotell alt har meldt seg til å vera med i ei ressursgruppe. 

– Er det fleire som melder seg kan dei koplast til gruppa etter behov, seier Brandshaug.

Til toppen