Lærdal: – Det er ei utfordring for mange av arrangementa at det blir ein voldsam trøkk på eldsjelene. Mykje friviljug innsats ligg bak. Og viss eldsjelene går leie, ramlar alt i hop som eit korthus, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU), Arve Tokvam.
Det er mange arrangement og marknader i bygda – Lærdalsmarknaden, haustmarknaden og julemarknaden, Jordeplerock og Kom Heimatt, som dei største og fremste arrangementa.
Les også: Julestemninga kom, utan snødryss
Les også: 2400 på Jordeplerock
Les også: Bilrebusbonanza i Lærdal
Peikar på næringslivet og kommunen
Desse set Lærdal på kartet, og er i tillegg viktige som kulturelle og sosiale tilbod, påpeikar Tokvam:
– Me skipar til eit seminar 6. februar med denne bakgrunnen, og målet er å gje dei som står bak arrangementa betre vilkår – samstundes utvikla arrangementa så dei kan gje enno meir verdiskaping.
Lærdalsmarknaden spesielt, men også Jordeplerock har vore i dialog med LNU i høve desse problemstillingane. Og det er spesielt to aktørar Tokvam peikar på i høve vidareutvikling av arrangementa.
– Næringslivet nyt godt av marknadane og arrangementa. Difor vil me få deira syn under seminaret og utfordra dei på korleis dei kan bidra for å løfta arrangementa. For det meste av verdiskapinga skjer i næringslivet under marknadane, så står eldsjelene bak organiseringa.
– Lærdal kommune er inne i desse arrangementa i større og mindre grad. Kommunen bør kanskje ta ein større aktiv rolle når desse tilstelningane er så viktige for lokalsamfunnet.
Les også: Fekk 200.000 kroner til å styrka marknadane
Artikkelen held fram under biletet

Får eksempel frå Beitostølen
Eldsjelene skal først og fremst ha med innhaldet å gjera, meiner Tokvam. Så er det mykje anna rundt – marknadsføring og sponsorarbeid, til dømes.
– Gjennom betre samhandling kan ein få til meir her, og då blir det viktig å definera sine roller og koordinera seg felles mot kommunen.
LNU har laga ei programskisse for seminaret der representantar frå både arrangementa, næringslivet og kommunen skal seia noko om korleis dei ser føre seg samarbeid om og utvikling av arrangement i Lærdal.
Og dei har fått ressursar utanifrå til å seia noko om dette – Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, skal halda eit føredrag.
– På Beitostølen har dei jobba mykje med samhandling på arrangementssida – næringslivet både ser veldig verdien av arrangementa og bidreg mykje på det økonomiske.
– Kven er seminaret for?
– Alle som har ein eller annan aktivitet eller kan tenkja seg å utvikla ein. Idrettslaget kan vera eit døme.
– Kan det bli for mange arrangement?
– Ja, det er klart det blir mykje på sommaren. Det er viktig å vera tydeleg på noko, utvikla sin profil og appellera til ei målgruppe.