Aurland: Den byrjar ikkje å gå i rute mellom Gudvangen og Flåm før 15. mai. Men tysdag fekk journalistar og redaktørar frå internasjonale bransjeblad vera med på prøvetur med Future of the Fjords.
Kombinasjonen rein elektrisk framdrift, karbonmateriala den er laga av, og den slåande utforminga, gjer det til ei nyheit folk er villige til å reisa langt for.

– Det er på høg tid at skipsindustrien skjerpar seg. Med båtar som denne har Norge vist at elektrisk framdrift er mogleg å få til, seier Paul Hockenos, amerikansk journalist og forfattar, med base i Berlin.
– Banebrytande
Til forskjell frå dei fleste andre ombord skriv han for den generelle lesaren, ikkje berre dei spesielt skipsinteresserte. Artiklane hans har dukka opp i publikasjonar som The New York Times, Newsweek, The Nation og Foreign Policy.
Hockenos trur historia om den nyskapande passasjerbåten på norske fjordar vil fenga. Ikkje minst no når klimaendringane opptek stadig fleire.
– Norge er med rette kjende for fjordane og den fantastiske naturen. Då er det ei merkeleg motsetning at folk kjem siglande på skitne cruiseskip for å sjå dei. Arbeidet Norge gjer for å elektrifisera ferjer og passasjerbåtar er banebrytande, og vil forhåpentlegvis inspirera andre, seier han.
Fekk oppleva elektrisk aksellerasjon
Fleire av dei internasjonale journalistane hadde merka seg at Norge nyleg forplikta seg til å stenga norske verdsarvfjordar for forureinande cruiseskip og ferjer seinast innan 2026.
Kathrin Lau, sjefredaktør i tyske Schiff & Lafen, trur strengare lovverk vil pressa seg fram i heile bransjen, òg internasjonalt.
– Alle eigarar i den maritime industrien bli tvungne til å tenka nytt rundt framdrift. Dette fartøyet er heilelektrisk, og slik sett eit viktig første steg, seier ho.
Midt ute på Aurlandsfjorden gir kapteinen maks fart framover for å visa pressefolka kva skuta er god for. På testturar har dei greidd null til tjue knop, eller 37 kilometer i timen, på 25 sekund.
– Det er veldig fort for å vera ein såpass stor båt. Det er litt som å køyra ein Tesla, du får all krafta med ein gang, seier John Nauckhoff, kaptein på Future of the Fjords.
– Sidan har me finjustert maskinene litt, slik at me ikkje skal få fartsbot, seier han, og ler godt.

Praktisk design
Svensken er stolt over å ha fått vera med i byggjinga av både denne båten, og søsterskipet Vision of the Fjords.
– Å sigla gjennom ein verdsarvfjord slik som dette og vita at du ikkje er til skade, er heilt fantastisk, seier han.
Det spesielle designet til Vision og Future of the Fjords har fått mykje merksemd. Fleire har påpeika likskapen til den norske operaen, eller hårnålssvingane du finn i til dømes Trollstigen, eller opp til Tindevegen frå Øvre Årdal.
Men kapteinen seier det praktiske har vore like avgjerande for formgjevinga som det estetiske.
– Det unike er at du har fire hundre sitteplassar, og frå alle plassane har du god utsikt. Om alle bestemmer seg for å gå ut, så har me 400 meter rekkverk. Det betyr at alle får èin meter rekkverk kvar. Sidan du har ulike dekk, så er det ingen som sperrar utsikta for deg heller, seier han.

– Vinn-vinn
Utsikta er eitt sentralt moment bak designet, men det ligg òg mykje hjernekraft bak den universelle utforminga. Alle skal ha tilgang til heile båten.
– Uansett om du sit i rullestol eller har vanskeleg for å gå, så kjem du deg opp til det øvste dekket, seier Nauckhoff.
Vision of the Fjords har kosta omtrent 130 millionar kroner å bygga. Staten har bidrege med 17 millionar, eller litt under halvparten av ekstrakostnaden med å gå heilelektrisk.
Amerikanaren Hockenos er imponert over å sjå at det private og det offentlege kan jobba saman for å få til endring.
– Det kanskje dyrare å bygga desse skipa, i allefall før du får til masseproduksjon, men det er billegare å driva dei. Eg meiner du har ein vinn-vinn situasjon, som vil bli plukka opp av andre land, seier han.