LÆRDAL HANDBAKKLUBB: Frå venstre Magne Netland, Bård Grindheim, Jan Olav Møller og Njål Golf deltok på NM i handbak i helga. 
LÆRDAL HANDBAKKLUBB: Frå venstre Magne Netland, Bård Grindheim, Jan Olav Møller og Njål Golf deltok på NM i handbak i helga. 

Viste musklar i NM i handbak

I helga gjekk NM i handbak av stabelen i Jølster, det var også klubbens 25 års jubileum. Både Lærdal handbakklubb og Sogndal handbakklubb hadde tatt turen for å delta. 

Lærdal/Sogndal: Frå Lærdal handbakklubb var det fire deltakarar, medan frå Sogndal handbakklubb var det ein deltakar. Frå Lærdal deltok Bård Grindheim, Magne Netland, Njål Golf og Jan Olav Møller og frå Sogndal deltok Dag Andre Mo.

Leiar i Lærdal handbakklubb, Magne Netland, fortel at han er veldig nøgd med NM i handbak i år.

- Arrangøren har gjort ein god jobb med å sette i stand dette meisterskapet.

Det er andre gong Lærdal handbakklubb er med på NM i handbak. Netland synes både dette og førre NM var utfordrande og lærerikt å delta på.

Lærdal kunne dette NM reise heim med blant anna tre fjerdeplassar og ein femteplass. Av fjerdeplassane var to av dei med høgrehand , medan den siste var med venstrehand.

- Me er godt nøgde med resultat med tanke på at dette er andre NM me deltek på. Det er høgt nivå i Noreg med mange internasjonale utøvarar som blant anna er med i prestisjetunge "arm wars" og "wal (world arm wrestling leuage)".

Artikkelen held fram under biletet

HANDBAK: Lærdal handbakklubb hadde fire deltakarar i årets NM i handbak. 
HANDBAK: Lærdal handbakklubb hadde fire deltakarar i årets NM i handbak. 

Førebuing til konkurranse

Netland fortel at førebuing handlar i stor grad om å gjere seg mentalt klar til konkurransen. Ein handbakkamp er som regel over på eit par sekund og det er avgjerande å være fokusert når namnet ditt blir ropt opp. Sjølve opptreninga til konkurransen er gjennomført gjennom året som var, og dei siste vekene før NM er det viktig å la kroppen kvile. Netland fortel og at det kan være utfordrande å kome i rett vektklasse.

- Det mentale er vesentleg, for det er ekstra slitsamt å måtte gå ned eksempelvis 3 til 4 kilo til ein konkurranse. I ein slik prosess kan ein miste noko energi.

Netland kan fortelje at han måtte gå ned 4 kilo i vekt for å komme inn i den vektklassen han skulle konkurrere i.

Handbakkonkurranse

- Det er eit handbakbord og ein dommar som passar på at reglane blir følgde, seier Netland.

Han fortel vidare at dommaren blant anna må passe på at skuldrane er parallelle, at handledda er beine og at armane er i senter av bordet.

- I tillegg må alltid albogen vere på puta. Utan om desse reglane, er så og seie alt lov etter at dommaren seier «go».

 

 

Til toppen