GOD START: Jotun sitt lag i 14-årsklassen for gutar og trenarane fekk ein super start på Norway Cup med 3-0-siger i TV-sendt kamp.
GOD START: Jotun sitt lag i 14-årsklassen for gutar og trenarane fekk ein super start på Norway Cup med 3-0-siger i TV-sendt kamp. (Bilde: Therese Moen)

Viste seg med storsiger på TV: - Ei kjempeoppleving

Jotun sitt smågutelag fekk ein perfekt start på Norway Cup med TV-sendt opningskamp og 3-0-siger mot Rena.

Oslo: - Inngangen til kampen var at dei hadde høge skuldrar og var veldig spente. Så me hadde fokus på å unngå at det påverka spelet og det greidde dei veldig fint. Dei følte rimeleg kjapt dette var eit lag dei kunne hamla opp med og skapte ein del sjansar etter kvart. Så det vart ei kjempegod oppleving for gutane, seier Ivan Øy, ein av trenarane for laget.

Kampen som gjekk mot Rena søndag ettermiddag vart vist på TV2, og Jotun vann 3-0 etter to mål av Jesper Eldegard og eitt av Nikolas Trollebø. Å få vist seg på TV på denne måten opningsdagen av verdas største fotballturnering gjorde sjølvsagt at det ikkje kunne ha starta betre for årdølene.

- Gutane var veldig letta etter kampen, for dei visste at både slekt og vener sat heime og såg på. Så dei tenkte nok at dei fekk høyra det om dei gjorde feil. At dei skulle spela ein TV-sendt kamp har vore det store samtaleemnet dei siste dagane, så det var flott det vart ei så god oppleving, seier Øy.

11 lag til saman frå Sogndal, Årdal, Luster og Leikanger

Jotun er på Ekebergsletta med fire lag; i tillegg til 11-arlaget som vann mot Rena i 14-årsklassa er også eit 7-arlag i 13-årsklassa med på turneringa - dei spelte også søndag ettermiddag, men resultatet her har ikkje kome når artikkelen blir publisert. På jentesida har Jotun med eit 11-arlag i 17-årsklassa som starta turneringa med å slå Statsbygd/Rissa 3-1. Fullt så bra gjekk det ikkje for 7-arlaget i 14-årsklassa; i ein svært målrik kamp måtte jotunjentene gje tapt 3-6 mot Blindheim.

Likevel ein god start på turneringa for Jotun med to sigrar av tre moglege. 

- Det er kjempestemning i dag, og det skal me ta med oss til dei neste kampane. Så får me sjå kor langt me kjem. Men me er her først og fremst for å kosa oss og ha det kjempekjekt, seier Øy.

Elles er Sogndal på Norway Cup med fire lag. Søndag ettermiddag har det eine 11-arlaget i 14-årsklassa for gutar spelt 0-0 mot Eide og Omegn, medan det andre laget i same klasse tapte 1-0 mot Oppsal. 7-arlaget i 14-årsklassa på jentesida vann derimot 4-0 mot Haugar. Jentelaget i 15/16-årsklassa, 11-ar, har ikkje spelt enno.

Syril har med eitt jentelag og eitt gutelag i 14-årsklassa 7-ar der jentelaget spelte 3-3 mot Grüner Fotball søndag, medan gutelaget ikkje har spelt enno.

Kaupanger har med eitt jentelag i 15-16-årsklassen, 11-ar, som søndag spelte uavgjort 0-0 mot Innstrandens.

Bjørn har også med eit 7-arlag i 14-årsklassa, men dei spelar ikkje før måndag.

Til toppen