ViteMeir får støtte i Statsbudsjettet
(Foto: Arkiv)

ViteMeir får støtte i Statsbudsjettet

Det kjem fram i ei pressemelding.

Kaupanger: I pressemeldinga kjem det fram at regjeringspartia og Framstegspartiet er i budsjettforliket for Statsbudsjettet, blitt samde om å flytte 3.45 millionar kroner for å gje rom for at Vitensenteret i Sogn og Fjordane kan få tilskot som Vitensenter i 2021.

 Kunnskapshjarte til Venstre gler seg. Me er så takksame for at Venstre på Stortinget har arbeidd inn eit slik viktig tiltak for born og unge. Det vi gje innovasjon og nyskaping innan næringsliv lokalt her i området. Det viser at lokalt engasjement for ei sak lønar seg, seier Trude Risnes i Sogndal Venstre.

Opnar hausten 2021

 Det var ei viktig prioritering for Vestland Frp å få midlar til ViteMeir på plass for 2021. ViteMeir blir et supert tilskot til læring for born og unge. Forventningane til senteret har skapt stor begeistring og ikkje minst har det vore eit stort engasjement for å få dette på plass. Dette hadde ikkje kome på plass utan innsatsen til våre lokale folkevalde, og eg er glad vi kom til semje på Stortinget, seier Silje Hjemdal (Frp), stortingsrepresentant for Hordaland. 

Vitensenteret i Sogn og Fjordane har fått namnet ViteMeir og skal opne hausten 2021. Det blir etablert på Kaupanger i Sogndal kommune, der Vestland fylkeskommune er byggherre. 

 Dette er noko eg har jobba for, så det er svært gledeleg at vi i budsjettforhandlingane gjorde det mogleg å støtte Vitensenteret i Sogndal kommune. Det blir eit flott og inspirerande tilbod for born og unge i heile det «gamlefylket», Sogn og Fjordane, seier Frida Melvær (H), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

I dag er det 12 Vitensenter i Noreg. Vitensenteret i Sogn og Fjordane blir geografisk utfyllande til desse. 

Samlokalisert med Sogndal vidaregåande skule

Vidare i pressemeldinga kjem det fram at eit vitensenter rettar seg hovudsakleg mot barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse. 

 Vitensentera inspirerer både born og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap. Dei blir ein viktig samarbeidspartnar til skulane om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida, seier Tore Storehaug (KrF), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

ViteMeir vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule. 

 

 

Til toppen