SAMSTEMD DUO: Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg og fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide.
SAMSTEMD DUO: Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg og fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide. (Foto: Jostein Vedvik)

MEININGAR

ViteMeir må inn i statsbudsjettet

ViteMeir har imponert oss alle. Det har ikkje regjeringa.

Meiningar: Når eit vitensenter som leverer så solid, på både fag og samarbeid, blir gløymt i Høgre, Venstre og KRF sitt statsbudsjett, så er det noko vi i Arbeidarpartiet ikkje kan akseptere. ViteMeir fortener betre.

Sjølv om dørene ikkje skal opnast før til neste haust, så har ViteMeir allereie fått oppnådd mykje. Med ein samarbeidsmodell der både skulane og næringslivet blir involvert i alt frå planlegging til gjennomføring, er det kanskje ikkje så rart. No ligg dei godt i løypa til å bli eit vitensenter som ligg heilt i landstoppen.

VITEMEIR: Opplevingssenteret blir bygd no på Kaupanger. Slik vil det sjå ut når det er ferdig.

Dette vitensenteret vil vere eit viktig verktøy til skulane og lærarane for å skape interesse for både teknologi og realfag. Alle barn er jo eigentleg utforskarar. Dei er nysgjerrige, og dei tykkjer det er spennande å bryne seg på gode utfordringar. Dessverre er det fleire som mista litt gnisten og fell ifrå om det blir for teoretisk og stillesittande.

Nettopp då blir vitensenteret her på Kaupanger midt i blinken. Her kan dei få sjå det i praksis. Alt frå vasskraft og ras til geometri og matematikk. Formidlinga blir aktiv, og den blir engasjerande. Ikkje minst vil ViteMeir kunne vere med å skape interesse og rekruttering til eit kompetanseområde landet vårt verkeleg treng i framtida. Det er verdt kvar einaste krone.

Når Høgre, Venstre og KRF legg inn støtte til alle vitensenter i heile landet utanom ViteMeir, så er det ikkje rart at folk reagerar. Statleg medfinansiering er avgjerande for ViteMeir sin føretaksmodell. Det må vi ta på alvor.

I Arbeidarpartiet har vi lagt inn millionane som trengs i vårt alternative budsjett. Det skulle berre mangle. Dette handlar om lagspel. ViteMeir vil vere positivt for heile regionen vår. No må vi gjere vår del. ViteMeir må inn i statsbudsjettet.

Til toppen