NESTEN-LØFTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen verka overbevist om behovet for eit vitensenter i Sogn, no går han langt i å love auka statleg pott for at det skal verte ein realitet.
NESTEN-LØFTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen verka overbevist om behovet for eit vitensenter i Sogn, no går han langt i å love auka statleg pott for at det skal verte ein realitet. (Bilde: Pressefoto/Høgre)

Vitensenteret: Isaksen går langt i å ymte om auka pott

– Dette er i siste instans ei politisk avgjerd, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kaupanger: Eit vitensenteret er under planlegging på Kaupanger, men den store utfordringa er å få finansieringa av drifta til å gå opp: 11-12 millionar i året er det berekna å koste.

Nøkkelen blir å få ta tilgang til dei statlege kronene som blir fordelt mellom dei ti regionale vitensentra som finst i dag. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen går no langt i å antyde at potten vil bli auka

– Eg kan bestemme at dei kan få tilskot. Dette er i siste instans ei politisk avgjerd, seier han.

SIGNALBYGG: Dette er berre eit utkast, men målet er at Vitensenteret skal verte eit blikkfang for alle som køyrer riksveg 5 gjennom Kaupanger.
SIGNALBYGG: Dette er berre eit utkast, men målet er at Vitensenteret skal verte eit blikkfang for alle som køyrer riksveg 5 gjennom Kaupanger. Illustrasjon: Kaupus AS

For ti dagar sidan var han i Sogndal og fekk prosjektet presentert. Det var då han noterte seg utfordringa: Viss ikkje potten blir auka, så vil nyetableringar som på Kaupanger bli møtt med motstand frå dei andre sentra.

– Eg skjønnar at ikkje dei andre vitensentera vil gje frå seg tilskot for å opne eit nytt vitensenter. Men det er ei politisk avgjerd kor mange slike senter vi treng og kor stor den potten skal vere, seier Isaksen.

Kunnskapsministeren seier han har stor tru på vitensenter som konsept, for eksempel jobba han hardt for å få vitensenter til Porsgrunn då han var stortingskandidat i Telemark. 

– Viss du skal ha eit vitensenter her i Sogn, noko eg synst verkar som ein veldig god idè utifrå det eg fekk høyre, så må potten aukast tilsvarande.

Til toppen