Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget. Foto: Halvor Farsund Storvik.
Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Vitensenteret ligg inne med millionstøtte frå fylket: – Eit langt steg i rett retning

Viss alt går i orden ønskjer fylkeskommunen å byggje ny skule kombinert med Vitensenter for 85 millionar på Kaupanger.

Kaupanger: På onsdagens møte i finansutvalet til fylkeskommunen vart Vitensenteret på Kaupanger ført på lista over nye investeringsprosjekt. Avgjerda fell først på desembermøtet i fylkestinget, men lista fortel korleis prioriteringane ser ut i dag.

– Dette er eit viktig signal om at fylkeskommunen ønskjer å få dette til. Det er eit langt steg i rett retning og det gir oss mot til å jobba vidare med å få dei andre brikkene på plass, seier Tor Arne Ness i Kaupus AS, som står bak Vitensenter-prosjektet.

Vil jobbe fram avtale i 2018

SIGNALBYGG: Slik ser prosjektet ut på skissestadiet. Den endelege løysinga er ikkje bestemt.
SIGNALBYGG: Slik ser prosjektet ut på skissestadiet. Den endelege løysinga er ikkje bestemt. Foto: Kaupus AS

Like ved riksvegen, på hjørnet av industrifeltet på Kaupanger, er det planar om å byggje eit signalbygg, som både vil romme Vitensenteret og transportfaga til Sogndal vidaregåande skule. Sistnemnde rår grunnen i dag, men treng desperat nye lokale.

Begge partar ser fordelar med å byggje saman. Det vil gje innsparingar på både drift og ved å byggje areal som begge kan ha nytte av.

– Eit Vitensenter vil òg kunne bidra til rekruttering til realfaga og til framtidig rekruttering til næringsliv i regionen, skriv fylkesrådmannen i grunngjevinga for kvifor han meiner eit slikt felles bygg bør prioriterast.

Der skriv han òg at det nye skulebygget til vidaregåande må på plass, sjølv om det skulle vise seg at Vitensenteret ikkje er liv laga.

– Det vert no lagt opp til at vi nyttar 2018 til å få på plass ein tilfredstillande avtale med Vitensenteret om fullfinansiering av dette delprosjektet. Om dette ikkje let seg gjere, går vi vidare med opplæringsdelen som planlagt, skriv fylkesrådmannen.

Treng at skulane lovar å bruke senteret

Utbygginga er grovt rekna forventa å koste 85 millionar kroner, der 48 millionar av finansieringa vil bli henta frå den fylkeskommunale potten. Desse vil bli fordelt med 36 millionar til nye opplæringslokale og 12 millionar til Vitensenteret.

No er det opp til fylkestinget å bestemme, men signala frå både fylkesrådmannen og finansutvalet er klare.

Tor Arne Ness seier nøkkelen blir å få på plass ein god forretningsplan, som viser at dei greier å finansiere dei 11-12 millionane senteret er forventa å koste i årleg drift. 

– Me har allereie fått positive signal frå kunnskapsministeren når det gjeld dei statlege ordningane. Det som blir viktig no er å få med skulane i Sogn og Fjordane på ein forpliktande bruk av senteret, seier Ness.

Til toppen