TAKKSAM: Frå venstre Tor Arne Ness, styreleiar i Vitensenteret Sogn og Fjordane AS, Marianne Jevnaker prosjektleiar, og Jan Petter Vadheim banskjer i Sparebanken Sogn og Fjordane.
TAKKSAM: Frå venstre Tor Arne Ness, styreleiar i Vitensenteret Sogn og Fjordane AS, Marianne Jevnaker prosjektleiar, og Jan Petter Vadheim banskjer i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Foto: Jonny Akselsen / Sparebanken Sogn og Fjordane)

Vitensenteret på Kaupanger to millionar kroner nærare realisering

Satsinga fekk to millionar i gåve, og er eitt steg nærare å vera det første vitensenteret i fylket.

Sogndal: Då kring 50 personar frå blant anna næringslivet og skulen møtte for å starta planlegginga av Vitensenteret Sogn og Fjordane AS i Kaupanger, fekk dei ei overrasking, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding. 

Ideen om vitensenteret kom i 2016, og har sidan den gong vorte jobba mykje med. I sommar vart årdøl Marianne Jevnaker tilsett som prosjektleiar for satsinga

Prosjeket er no eitt steg nærare realisering med gåva på to millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 

– Senteret vil koma born og unge frå heile fylket til gode, seier Jan-Petter Vadheim, banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ein plass for inspirasjon og læring

Vitensentera har fokus på naturvitskap, matematikk og teknologi, ifølgje pressemeldinga. Gjennom opplevingar vil elevar læra ved å prøva og eksperimentera med realfaga sjølve.

Det er etablert totalt 10 Vitensenter i Noreg, men førebels ingen i Sogn og Fjordane. Dersom Vitensenteret på Kaupanger vert ein realitet, vil det bli det dermed første i fylket.

– Vitensenteret vil vera ein plass til inspirasjon og læring. Her vil både lærarar og elevar få utfolda seg, og det vil vera ein komplimenterande læringsarena i forhold til den vanlege undervisninga. Dette skal bli både spennande og lærerikt, og senteret vil også vera der for fritidsbesøk både helgar og feriar, seier Tor Arne Ness, styreleiar i Vitensenteret Sogn og Fjordane AS.

Han seier at han er takksam for gåva, og at dersom alt klaffar vil senteret opna i 2020.

Til toppen