Kaupanger: Prosjektet Kaupus er inne i ein stillare periode etter ein hektisk vår, men til hausten startar hardkøyret att.
– Eg føler at me har kome lenger enn det eg hadde forventa på dette tidspunktet. Skal me nokon gong lukkast med eit vitensenter, så er vindauget her no. Men det er eit stort løft og me treng å gå frå intensjonsavtalar til konkrete avtalar, seier Tor Arne Ness, mannen som leiar forprosjektet.

- Les også: Stor framdrift i planane om Vitensenter
Har fundamentet på plass
Intensjonsavtalane han snakkar om har dei underteikna med Høgskulen på Vestlandet, Fylkeskommunen, Sogndal kommune, Sogn regionråd og Vestlandsforsking. Med andre ord har prosjektet alle dei viktige forskings- og utdanningsinstitusjonane i ryggen. Responsen frå næringslivet, den andre pillaren, har òg vore god.
– Mange har sagt at dei vil vera med på laget, så me byrjar å få på plass eit solid fundament for å klara å få vitensenteret på plass, seier Ness.
- Les også: Jobbar med å få Vitensenter på Kaupanger
Til hausten handlar mykje om å kome opp med ein forretningsplan som viser at dette er liv laga å drifte.
Håpar staten opnar pengesekken
Skal det verkeleg byrje å svinge treng dei at staten kjem på bana. Kunnskapsdepartementet er dei som sit på pengesekken i form av ein eigen post i statsbudsjettet dedikert til å fremme slike prosjekt.
– Det er ein nøkkel for oss å få ein del av den kaka, seier Ness.
Innhald og utforming er òg ting som vil bli meisla ut fram til forprosjektet skal vere ferdig i desember. Førebels har dei fått laga ei skisse som illustrerer litt av visjonane dei har. Det einaste som er sikkert, er at det ikkje blir sjåande ut slik, seier Ness.
– Men det me alle er einige om er at det skal bli eit tøft blikkfang, som gjer at du får lyst til å stoppa opp når du køyrer riksveg 5 gjennom Kaupanger, seier Ness.