ULUKKE: Ulukka har skjedd i Flenjatunnelen, den første etter Flåm i retning Gudvangen.
ULUKKE: Ulukka har skjedd i Flenjatunnelen, den første etter Flåm i retning Gudvangen. (Foto: Skjermdump/Google Maps.)

Tunnelen er open att: Vogntog-føraren trur han kan ha sovna før krasjen

Politiet opprettar sak.

Aurland: Politiet melde klokka 16.04 måndag at eit vogntog hadde krasja i i fjellveggen i Flenjatunnelen i Aurland. Både den og Gudvangatunnelen vart stengt etter ulukka.

– Då naudetatane kom fram hadde vogntoget klart å ta seg ut av tunnelen på eiga hand. Det står no utanfor på vestsida av tunnelen i retning Voss, sa Morten Rebnor ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt klokka 16.22. 

Han kunne allereie då opplysa at føraren av vogntoget var oppegåande. Like etter kom meldinga om at føraren hadde fått legetilsyn og var uskadd.

Samstundes opplyste politiet at føraren sjølv meinte han kunne ha sovna i forkant av samanstøyten.

– Politiet opprettar sak, skriv dei i ei oppdatering på Twitter klokka 16.38.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen