KØ: Det står no fleire bilar og ventar ved Borlaugskrysset.
KØ: Det står no fleire bilar og ventar ved Borlaugskrysset. (Foto: Statens Vegvesen)

Vogntog-kø ved Hemsedalsfjellet: – Kaos er nok det rette ordet

Glatt føre gjer at vogntoga ikkje kjem seg opp på fjellet.

Lærdal: Vegtrafikksentralen Vest melde på twitter for ein time sidan om fleire vogntog som står fast på veg opp Hemsedalsfjellet frå Borlaug. Vegen er no stengd.

NRK melder at mellom 20 og 25 vogntog no skal stå fast og sperrar vegen opp til fjellet. Videre melder dei at det skal ha byrja å danne seg kø ved krysset på Borlaug.

– Kaotisk er nok det rette ordet. Me tilrår alle å køyre E16 over Filefjell no dei næraste timane, sa vakthavande i Statens Vegvesen til NRK.

Utfordrande dag

Trafikksentralen melde tidlegare om eit vogntog som blokekrte vegbana ved Breistøl, som førte til av vegen også då vart stengd i påvente av berging. Dette vert altså andre gongen i dag at vegen har blitt stengd på grunn av at vogntog har utfordringar på føret.

Saka vert oppdatert

Til toppen