Lærdal: Klokka 14:52 melde politiet at det hadde vore eit mindre trafikkuhell i Lærdal, 400-500 meter frå utgangen av Lærdalstunnelen i retning sentrum.
Eit vogntog hadde køyrt utfor vegen, utan at nokon kom til skade.
Klokka 17:06 melde vegtrafikksentralen at vegen vart stengt i rundt 45 minutt medan bilberginga pågjekk. Klokka 17:55 kom meldinga om at vegen var opna att.