Sogndal: Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland er stengd. Vegtrafikksentralen opplyser at det er meldt om røykutvikling i eit vogntog som er på veg mot tunnelen.

Klokka 18.33 skriv politet på Twitter at vogntoget no står på utsida av tunnelen. Det er ikkje brann i vogntoget og det er uavklart kva røykutviklinga skuldast.
Klokka 18.40 blir det opplyst at politiet har kontroll på vogntoget, og at den står utanfor vegbana. Tunnelen er open att for fri ferdsle, og trafikken går som normalt.
Det blir framleis undersøkt kva som kan ha vore årsaka til røykutviklinga.