Vogntog med trøbbel i Sogndalsdalen

Vogntog med trøbbel i Sogndalsdalen

Men no er vegen opna att. 

Sogndal: To utanlandske vogntog stod fast i Sogndalsdalen onsdag morgon, melder politiet på Twitter.

Det eine stod fast ved Gjesthaug, det andre i bakkane før Frudalstunnelen. Også ein bil har sklidd i grøfta i same området, noko som gjorde at vegen vart stengt ved Kollsete. 

Like over klokka 10.30 kom også meldinga om at vogntoga var komne avgarde og at det var fri ferdsle, men det er dårleg føre i Sogndalsdalen.

Rundt 11.30 melder Statens vegvesen at også fylkesveg 241 mellom Gudvangen og Bakkane er stengt på grunn av snøras. 

Til toppen