Vogntog mot personbil på Hemsedalsfjellet
(Foto: Illustrasjon)

Vogntog mot personbil på Hemsedalsfjellet

Vegen er stengt, ingen av køyretøya er køyrbare.

Lærdal: Politiet twitra rett over klokka 19 at eit vogntog og ein personbil har kollidert på Hemsedalsfjellet. Vidare at brannvesen og politi er på veg, og at ingen av køyretøya er køyrbare.

Fem minuttar seinare kom oppdatering om at det er svært glatt på staden, at ulukka kjem brått på og at vegen blir stengt inntil vidare. 

Truleg ikkje personskade

Operasjonsleiar Trond Hatlenes på operasjonssentralen i Florø fortel at ulukka har skjedd i nærleiken av Oset, altså ikkje langt frå vestenden av Eldrevatnet.

– Det skal ikkje vera personskade etter dei meldingane me har fått, men våre folk er ikkje komne fram, så me kan ikkje seia noko sikkert, seier Hatlenes.

Til toppen