I GRØFTA: Eit vogntog velta på Rv5 i Lærdal tidleg onsdag morgon. Foto: Jan Christian Jerving
I GRØFTA: Eit vogntog velta på Rv5 i Lærdal tidleg onsdag morgon. Foto: Jan Christian Jerving

Vogntog velta i Lærdal  

I morgontimane onsdag hamna eit vogntog i grøfta på Rv 5 i Lærdal. 

Statens vegvesen melder klokka 11.02 om at Rv 5 ved Håbakken er steng på grunn av bilberging. Frå klokka 12.15 er det berre eitt felt som er stengt ved Håbakken. 

Politiet melder om vogntoget som velta og hamna i grøfta klokka 5.31 onsdag morgon. Uhellet skjedde i samband med feilnavigering og det skal ikkje vera snakk om personskade. 

Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, seier til NRK Sogn og Fjordane at uhellet skjedde då føraren skulle snu etter at han oppdaga at han køyrde feil i rundkøyring ved Håbakken. 

Til toppen