UHELL: Torsdag kveld fekk politiet melding om eit vogntog som hadde velta på riksveg 5. Foto: Jan Christian Jerving
UHELL: Torsdag kveld fekk politiet melding om eit vogntog som hadde velta på riksveg 5. Foto: Jan Christian Jerving

Vogntog velta i Lærdal

Torsdag kveld velta eit vogntog på riksveg 5 i Lærdal.

  • Endret

Det melder politiet på sin Twitter-konto. Uhellet skjedde på riksveg 5 ved Eri i Lærdal. 

Det var ingen personskade i uhellet. Vegen var delvis stengd. Hengaren på vogntoget låg velta ut på sida av vegen. 

Bilbergar vart varsla, og også brannvesen vart tilkalla på grunn av lekkasje frå køyretøyet.

Til toppen