VELTA: Eit vogntog lasta med sagflis velta i rundkøyringa på Haabakken søndag kveld. Foto: Eivind M. Øren
VELTA: Eit vogntog lasta med sagflis velta i rundkøyringa på Haabakken søndag kveld. Foto: Eivind M. Øren

Vogntog velta på Haabakken

Eit vogntog velta søndag kveld i rundkøyringa ved Haabakken i Lærdal.

Politiet fekk melding om ulykka klokka halv fem, og rykte ut saman med brann- og hjelpemannskap. Politiet bekrefter og at føraren av vogntoget, ein mann i 40-åra, kom seg uskada frå ulykka.

Politi og redningsmannskap er på staden, og har no byrja oppryddingsarbeid. Vegen er enno open for trafikk, men politiet ber trafikkanter vere varsamme når dei passerer.

Til toppen