VANSELEGE KØYREFORHOLD: Ein trailer velta på veg over Filefjell torsdag kveld. Statens vegvesen oppmodar store køyretøy til å bruke kjetting. Foto: Tipsar
VANSELEGE KØYREFORHOLD: Ein trailer velta på veg over Filefjell torsdag kveld. Statens vegvesen oppmodar store køyretøy til å bruke kjetting. Foto: Tipsar

Vogntog velta på veg over Filefjell

Traileren velta og vart liggande i vegkanten ved Tyinkrysset på E16. Trafikken gjekk normalt frå klokka 18.30 torsdag kveld.  

Vang: Porten.no fekk melding om hendinga på E16 i området Tyinkrysset kring klokka 18.30 torsdag kveld. Då hadde trafikken stått stille i kring ein halv time, før bilistane fekk køyre vidare. 

Det er isdekke, kraftige snøbyger, frisk bris og til tider redusert sikt over E16 Filefjell. Statens vegvesen melde klokka 18.15 om vanskelege køyreforhold og at store køyretøy bør bruke kjetting. 

Over Rv 52 vart det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr klokka 15.14. Fjellovergangane Fv 50 Hol - Aurland og på Fv 53 Tyin - Årdal er stengt på grunn av uvêr. 

  • Sjekk vêret på Porten.no der du er HER.

 

 

 

Til toppen