PROMILLE: Det er oppretta sak mot ein vogntogsjåfør då han køyrte med promille. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 
PROMILLE: Det er oppretta sak mot ein vogntogsjåfør då han køyrte med promille. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 

Vogntogsjåfør køyrte med promille

No er det oppretta sak mot sjåføren.

Håbakken: Det var under ein kontroll på Håbakken i Lærdal laurdag at Statens vegvesen fatta mistanke om promille på ein vogntogsjåfør.

Ifølgje NRK måtte Vegvesenet leggje seg på hjul etter sjåføren og fekk til slutt stogga han. Då politiet fekk melding om hendinga, rykte dei ut til staden.

Der vart sjåføren testa med alkometer som synte promille. No er vedkommande hanka inn for blodprøve, og det er oppretta sak. 

Til toppen