SUV: Ut frå signala som blei gjevne er det truleg at Volvo neste år lanserer ein bil som liknar svært på denne kompakte SUV-ein. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
SUV: Ut frå signala som blei gjevne er det truleg at Volvo neste år lanserer ein bil som liknar svært på denne kompakte SUV-ein. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Volvo viser ny kompaktbil

Neste år kjem Volvo med bilen som tek over etter V40. Mykje tyder på at han kjem i fleire utgåver.

Når Volvo skal presentere sin neste, og svært viktige, modell på fabrikken i Torslanda utanfor Göteborg, er det topptungt, med konsernsjef og leiarar i skarpe dressar. Éin etter éin fortel dei at den nye 40-serien skal løfte det totale årssalet frå 500.000 til 800.000 bilar i året om få år.

Til så lenge er det ikkje heilt klart korleis denne bilen vil sjå ut, men på Volvos designsenter står det to konseptmodellar, som kvar på sitt vis antydar korleis dette kan bli.

Mellom dei to bilane står designsjefen, Thomas Ingenlath, i svart skjorte og kvite bukser. Mens hans sjefar har lest opp sine taler frå ein skjerm som henger bak i lokalet, gjer Ingenlath dette utan manus. Og han er tydeleg nøgd med sine kreasjonar.

Artikkelen held fram under biletet

KONSEPT: Sjefdesigner Thomas Ingenlath presenterer to konseptbilar som skal vise korleis den kommande 40-serien til Volvo kan bli.
KONSEPT: Sjefdesigner Thomas Ingenlath presenterer to konseptbilar som skal vise korleis den kommande 40-serien til Volvo kan bli.

20- og 30-åringar

– Dei er ulike, og eg er stolte av dei. Men ikkje spør meg om kven av dei eg liker best. Det er som å spørje om kva for eitt av barna dine du liker best.

Bilen, som tek over etter dagens V40, skal framleis vere i det kompakte segmentet. Målet til Volvo er å nå dagens 20- til 30-åringar med modellen, og det kan verke som den vil komme i fleire ulike versjonar når han blir rulla ut neste år.

Dei to utgåvene som står på kvar si side av Ingenlath, er høvesvis ein liten SUV og ein med ein coupésilhuett. Bilane har element ein kjenner igjen frå XC90 og S90/V90, som lykter, grill og til dels baklykter, men dei er òg svært forskjellige frå sine større søsken.

– Desse bilane må vise kvar vi går vidare, seier Ingenlath, og strekker ut armane mot bilane på kvar side.

Ikkje retro

Litt seinare utdjupar han Volvos designtankar rundt den nye modellen i eit rom med ei handfull journalistar.

– Det er ingen retro-tankar med 40-serien, det er det meir av på dei større modellane. Folk veit kva Volvo-stilen er, men vi er ikkje låst fast i fortida. Det er ei kontinuerleg utvikling.

Han legg ikkje skjul på at det som kallast «skandinavisk design» er ein faktor. Han meiner også at røtene til eit merke som Volvo både kan vere eit problem og ein fordel.

– Nokre kan føle at det som er nytt, er skummelt, samtidig gir det oss ein styrke. Arven er nok noko av grunnen til at vi så fort blei akseptert som premium.

– Samtidig er det ein enorm forskjell på å designe ein bil i 90-serien, som er fem meter lang, og 40-serien som er éin meter kortare.

Eit viktig moment med den mindre bilen har vore at den ikkje skal sjå ut som ein billigversjon av foreldra sine køyretøy. Fleire representantar frå Volvo hintet om at det kom til å bli mogleg å gjere ein rekke personlege tilpassingar for kundane i form av ekstrautstyr og dekorvariasjonar, utvendig og innvendig.

Artikkelen held fram under biletet

ELEKTRISK: Volvo viste òg fram ei ny, elektrisk, drivline som skal klare 35 mil mellom ladingane, og blir å finne i bilane om eit par år.
ELEKTRISK: Volvo viste òg fram ei ny, elektrisk, drivline som skal klare 35 mil mellom ladingane, og blir å finne i bilane om eit par år.

Lang kamp

På nokre få år kjem Volvo til å ha fornya heile sin portefølje. Moderselskapet Geely har pumpa inn pengar, rundt 90 milliardar kroner dei siste åra. Det inneber at XC90, som blei lansert i fjor, kjem til å vere den eldste modellen om tre år.

– Eg er alltid nervøs før lanseringa av ein ny modell, men det er ein lang kamp å komme til det punktet der bilen er klar. Ein må finne dei riktige kompromissa, det er som eit maraton.

Ingen i Volvo vil seie noko konkret om nokon av konseptbilane faktisk vil bli realisert, men ut frå hint og dårleg skjulte smil er det grunn til å tro at i alle fall ein bil som liknar svært på SUV-ein dei viste fram, vil vere i handel neste år. (©NPK)

Til toppen