NYTT LIV: Ingunn Nyheim håpar å blåse nytt liv i kulturbygg som Frilund ungdomshus i Lærdal. Foto: Arkiv.
NYTT LIV: Ingunn Nyheim håpar å blåse nytt liv i kulturbygg som Frilund ungdomshus i Lærdal. Foto: Arkiv.

Vonar om nytt liv i Frilund ungdomshus

Prosjektet «Huset i bygda» og Sogn og Fjordane Fylkeskommune ynskjer å skape nytt liv i kulturbygga i Sogn, deriblant Frilund ungdomshus på Lærdalsøyri.

I samband med dette inviterer dei til ein innhaldsrik Kulturbyggkonferanse i Fjærland komande laurdag. 

– Vår årlege kulturbyggkonferanse er eit tilbod til eldsjeler som driv samfunnshus, bygdehus, grendehus, ungdomshus og andre organisasjonseigde kulturbygg, seier Prosjektleiaren for Huset i bygda Ingunn Nyheim.

Lærerik konferanse

Huset i bygda ynskjer å motivere til enno større aktivitet i dei lokale kulturbygga, og det er dette som kjem til å vere fokuset på kulturbyggkonferansen.

På konferansen kan ein få kunnskap, idear, motivasjon og inspirasjon til korleis ein kan skape aktivitet og utvikle framtidsretta kulturbygg. 

– Og for dykk som ynskjer å søkje støtte til aktivitet og utviklinga av kulturbygga, vil Sparebanken Vest informerer om tilskotsordninga og om søknadskriving. Ei nyttig økt med tips om søknadsprosessar som kan bidra til inspirasjon og utvikling, seier Nyheim.

Viktige drivkrefter

«Huset i bygda» er eit treårig prosjekt som starta for fullt våren 2010, og bak prosjektet finn ein Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske Kulturbygg.

Artikkelen held fram under biletet.

PROSJEKTLEIAR: Ingunn Nyheim er prosjektleiar for «Huset i bygda».
PROSJEKTLEIAR: Ingunn Nyheim er prosjektleiar for «Huset i bygda».

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein viktig samarbeidspart for å arrangere kulturbyggkonferansen og ynskjer å etablere kontakt med kulturbygga i Sogn.

Målet er å spreie informasjon om «desentralisert tilskotsordning til lokale kulturbygg», ei tilskotsordning som gjev støtte til mellom anna modernisering, universell utforming, Enøk-tiltak og ombygging av kulturbygg.

Lokalt prosjekt

Lærdal ungdomsslag er ein av organisasjonane som har samarbeida med «Huset i bygda». Dette har ført til at Frilund ungdomshus i Lærdal i dag står med nytt golv, nytt kjøkken og snart ein ny matsal.

Leiar av Lærdal ungdomslag Tor Magne Gjerde var den som kontakta Nyheim etter at ei vennegruppe engasjerte seg for huset og pussa det opp både utvendig og innvendig.

Nyheim seier til Porten.no at det har vorte meir aktivitet i ungdomshuset, men at det framleis er rom for meir.

– Aktiviteten i Frilund har tatt seg opp. Det har vorte arrangert basarar, førjulsfestar, som har vorte særs populære, og linedance-grupper.

– Likevel vonar me at fleire tek i bruk det trivelege huset, og at det i tida framover kan verte meir liv og røre der. 

Til toppen