Årdal: Det nystifta selskapet Ecura Helse og Omsorg, som i september i fjor kjøpte opp Melås Helse, og sidan ei rekkje andre bedrifter, har planar om å etablere eit intermediært senter i Årdal. Senteret skal hovudsakleg tilby behandling til rus- og psykiatripasientar.
No er prosjektet kome så langt at sluttrapporten snart er klar, går det fram av eit brev konsernleiaren i Ecura, Per Gunnar Borhaug, og fungerande dagleg leiar Kristiane Seim i Melås Helse, har skrive til kommunen.
I brevet påpeiker dei at Årdal kommune har relativt mange rus- og psykiatripasientar i høve folketalet. Det er òg mange pasientar med alvorlege eller kroniske diagnosar.
– Eit slikt senter vil såleis kunne samarbeide med kommunane om eit tilbod til denne brukargruppa, står det i brevet.
- Les også: Den nye Melås-eigaren er registrert i skatteparadis
- Les også: No er dei største norske selskap på bu- og omsorgstenester
No ønskjer dei å møte kommunen til eit oppfølgingsmøte for å høyre kva behov kommunen opplever å ha og eventuelt kva tenester selskapet skal tilby dei.
Ecura Helse og Omsorg vart stifta i fjor og har sidan ekspandert i lynfart. Ifølgje deira eigne nettsider er strategien å byggje ein landsdekkande organisasjon ved at sjølvstendige selskap slår seg saman. Mellom anna har dei kjøpt opp Vangseter AS, eit selskap på Jevnaker som spesialiserer seg på rusbehandling. Så langt har dei snart nådd 500 tilsette.
– Vi har som målsetting å etablere nye verksemder fleire stader i landet og ser spesielt på rusomsorg, avvenning og etterbehandling/ettervern, står det i brevet, signert Borhaug og Seim.
Porten.no har kontakta konsernleiar Per Gunnar Borhaug i Ecura Helse og Omsorg for ein kommentar, men han har førebels ikkje vore tilgjengeleg på grunn av ferie.