DUMPEPLASS: På denne plassen bak sjukeheimen i Seimsdalen har det vore dumpa diverse køyretøy og tilbehør, etter kvart også boss. Men leiar i Årdal Tenk Tryggleik, Bjørn Indrebø (t.v.) og lensmann Magne Knudsen kan konstatera at mykje er fjerna sidan sist dei inspiserte staden. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
DUMPEPLASS: På denne plassen bak sjukeheimen i Seimsdalen har det vore dumpa diverse køyretøy og tilbehør, etter kvart også boss. Men leiar i Årdal Tenk Tryggleik, Bjørn Indrebø (t.v.) og lensmann Magne Knudsen kan konstatera at mykje er fjerna sidan sist dei inspiserte staden. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Vraka vert vekke

29 gamle bilar eller vrak, tilhengarar og campingvogner stod dumpa rundt om på offentlege parkeringsplassar då Årdal Tenk Tryggleik og politiet tok sin årlege runde. Men mykje forsvann kjapt etter at eigarane vart kontakta.

Årdal: – Det hopar seg opp om me ikkje tek desse rundane. I år har me registrert 29 einingar, alt frå bilvrak til campingvogner og hengarar, seier leiar i Årdal Tenk Tryggleik, Bjørn Indrebø.

Saman med politiet har han den siste månaden jobba med å få eigarane til å fjerna det som er dumpa rundt om kring på offentlege parkeringsplassar.

Metoden går ut på at dei finn ut kven som eig bilen, hengaren, campingvogna eller kva det måtte vera, så tek politiet kontakt og dei blir einige med vedkomande om ein frist for å få det vekk.

"Supertilbod"

– Gjennom dialog går det greitt, det har aldri vorte nokre straffereaksjonar av dette som eg kjenner til. Me har nokre gjengangarar, og så er det dei som set pris på å bli kontakta, seier lensmann Magne Knudsen.

Og om ikkje eigarane fjernar det dei måtte ha ståande sjølve, finst det ei anna løysing då også.

– Me har dette "supertilbodet" med Sunde - dei fjernar vraket og tek skrappanten som betaling, så eigarane blir ikkje fakturerte, forklarar Knudsen.

Porten blei med på ein runde for å sjå over to av plassane som har vorte mykje nytta til dumping av diverse bilar og køyretøyrelaterte gjenstandar. Første stopp er plassen inne i skogholtet bak sjukeheimen i Seimsdalen.

– Sunn fornuft

– Her stod det mykje, og nokre byrja å dumpa boss her også. Så me vil setja opp bom med lås for å unngå dette framover. Men no har det vorte vekke mykje siste veka, seier Indrebø.

Berre ein bil og ein båt under kvar sin presenning står att.

Deretter går turen til parkeringsplassen rett ved Cuba stadion på Årdalstangen. Også her kan dei to seia seg rimeleg nøgde med utviklinga.

– Det stod tre bilar her, no er berre ein avskilta att. Eg tok kontakt med eigarane for ein liten månad sidan, seier Indrebø.

– Når me brukar sunn fornuft og ikkje tvang så går det bra, påpeiker Knudsen.

Artikkelen held fram under biletet

BILAR: På parkeringsplassen ovanfor Cuba Stadion stod det tre bilar dumpa for nokre veker sidan. Då Porten vart med torsdag var berre denne avskilta bilen att. Lensmann Magne Knudsen prøver i bakgrunnen å koma i kontakt med det dei meiner er eigaren.
BILAR: På parkeringsplassen ovanfor Cuba Stadion stod det tre bilar dumpa for nokre veker sidan. Då Porten vart med torsdag var berre denne avskilta bilen att. Lensmann Magne Knudsen prøver i bakgrunnen å koma i kontakt med det dei meiner er eigaren.

Smitteeffekt

Dei har hatt desse rundane sidan 1988. Indrebø fortel det ikkje er nokon trend til at meir eller mindre hopar seg opp.

– Nei, me finn om lag like mykje kvart år. Difor er det viktig å ikkje lata det gå for lang tid mellom kvar gong. Det blir ein smitteeffekt – blir først ein hengar ståande kjem det gjerne ein til, og så er det plutseleg fire.

Lensmann Knudsen fortel også at ei utfordring for somme er at dei har fleire køyretøy eller køyretøyrelaterte gjenstandar enn dei har plass til.

– I burettslag er det gjerne reglar for kor mykje ein kan ha på eigedommen. Då skjer det at eit eller anna blir plassert ut på offentleg parkeringsplass. Men dette er det altså ikkje opning for.

Vidare har dei ei liste med køyretøy der årsavgifta ikkje er betalt og andre parameter som syner at ting ikkje er på stell. Denne lista tel 74 køyretøy på Årdalstangen og 50 i Øvre Årdal.

– Me har ikkje fokus på å reisa rundt og klyppa skilt. Ta kontakt med oss om du er i tvil om årsavgifta er betalt, oppmodar Knudsen.

Til toppen