Sogndal: – Sogn har ein av dei eldste førartradisjonane i landet, med røter heilt attende til Slingsby. Det er klart dei stiller sterkt til å få fagskulen, seier Halvor Dannevig, leiar i kvalifiseringskomiteen i Nortind.

Norske Tindevegleiarar (Nortind) ynskjer å oppretta ein ny skule for deira treårige yrkesretta utdanning for skiguidar og tindevegleiarar. Dei har søkt både Buskerud, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommunar om tilskot til prosjektet. Det som vil avgjere er pengar og rammevilkår.
– Dette er jo noko heilt nytt, so me er avhengige av støtte. Nyleg kom Møre og Romsdal med eit forslag om 560 000 kroner, og me ser teikn på opp mot same summen frå kommunale fond, seier Vegard Vereide, også hjå Nortind.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt siste bod var på 150 000 kroner, pluss om lag ein halv million frå Sogndal og Luster kommune. Ein innsats må likevel til om fylket ynskjer å ha fagskulen hjå seg.
– Sogndal kan bli fjellsportens hovudstad
Indre Sogn har ei god samling tindevegleiarar. Mykje av dette er både forma av og med på å forme friluftslivkulturen i området, meiner Hendrik Lapp. Han er sjølv tindevegleiar og lærar for ski og klatring ved Sogndal Folkehøgskule.
– Både Sogn og Sunnmøre er veldig naturlege kandidatar. Her har me alpine Hurrungane for ski og klatring og Jotunheimen for breføring. Lenger nord har dei Sunnmørsalpane å ta av. For min del kan eg ikkje peika på nokon favoritt, seier Lapp.
Det Lapp kanskje ser på som ein fordel for Sogndal er dei etablerte skulane;
– Kompetansenivået er veldig høgt for å kome inn på ei slik utdanning. I Sogndal har ein meir erfaring med utdanning enn til dømes Åndalsnes.

Har kort frist

Men om Buskerud eller Sogn og Fjordane ynskjer å utfordre Møre og Romsdal, har dei lite tid på å bestemme seg. Allereie i mars skal svara ligga på bordet hjå Nortind.
– Det er mykje som må ordnast før me kjem i gang, men det vert spanande å sjå kvar det nye tyngdepunktet til norsk alpinsport vil liggja, seier Dannevig.